Øvre Anárjohka nasjonalpark

nasjonalpark i Troms og Finnmark fylke, Noreg

Øvre Anárjohka nasjonalpark er ein nasjonalpark sør i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke oppretta ved forskrift i 1975. I verneforskriften brukast skrivemåten Øvre Anarjokka. Saman med den tilgrensande finske nasjonalparken Lemmenjoki utgjer parken eit stort, urørt naturområde i nord. Nasjonalparken ligg avsides til på ein urørt del av Finnmarksvidda. Eit bølgande viddelandskap med bjørkeskog, furumoer, store myrer og mange vatn pregar nasjonalparken.

Øvre Anárjohka nasjonalpark
nasjonalpark
Arctic sunset.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommunar Karasjok, Kautokeino
Høgaste punkt Gurbbeš
 - høgd 589 moh.
Areal 1 409 km²
Oppretta 19. desember 1975

Øvre Anárjohka nasjonalpark
68°43′0″ N 24°45′0″ E

PlasseringEndra

Øvre Anárjohka nasjonalpark ligg aust på Finnmarksvidda og omfattar areal i Karasjok og Kautokeino kommunar i Finnmark fylke.

Vern og brukEndra

Formålet med Øvre Anárjohka nasjonalpark er å ta vare på eit stykke av Finnmarksvidda med eit representativt utval av dei naturtypar som forekjem der, så som furuskog, bjørkeskog og vidde med kratt, myr, vatn, elvar og låge fjell. Dyre- og plantelivet skal få utvikle seg mest mogleg fritt utan påverkning frå menneske.

Verneforskriften tillèt tradisjonell reindrift. Bygging av gammer for reindrifta og eit avgrensa tal hytter eller buer for ålmen bruk, kan tillatast av Fylkesmannen som forvaltingsstyresmakt.

BakgrunnsstoffEndra