Java
(Omdirigert frå Øya Java)
- Sjå òg programmeringsspråket Java
Java er ei av hovudøyane i Indonesia. Ho ligg sør for Borneo og aust for Sumatra. Øya har eit areal på 132 107 km² og er tett folkesett av rundt 126,5 millionar. Den indonesiske hovudstaden Jakarta ligg vest på Java.

Java er ei av Sundaøyane. Nesten heile øya er av vulkansk opphav, og har heile 38 fjell med konisk form, eit teikn på at dei er gamle vulkanar. Området er sterkt ramma av jordskjelv.
Bakgrunnsstoff Endra
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Java
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Java (øy)» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Indonesia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.