Oodaaq

(Omdirigert frå Øya Oodaaq)

Oodaaq er, eller var, ei øy eller ein sandbanke nordaust for Grønland.

Oodaaq
øy
Land  Grønland
Kart
Oodaaq
83°40′00″N 30°40′00″W / 83.666666666667°N 30.666666666667°W / 83.666666666667; -30.666666666667

Oodaaq ligg på 83°40’32.5"N, 30°40’10.1"W, berre 600km sør for Nordpolen og 1360 meter nord for øya Kaffeklubben. Kaffeklubben er blitt rekna for å vera den nordlegaste øya i verda, sidan det er uvisst om Oodaaq er permanent eller ikkje. Sandbanker som Oodaaq kan verte vaska vekk av havet, og oppstå ein annan stad. Etterfylgjande ekspedisjonar har hevda at Oodaaq har forsvunne.

Då Oodaaq vart oppdaga var sandbanken berre 15 meter brei og 8 meter lang.

Oodaaq vart oppdaga i 1978. Eit dansk oppsynslag landa eit helikopter på Kaffeklubben for å stadfesta at øya ligg lenger nord enn Grønland. Dei oppdaga ein mørk flekk i nord, som viste seg å vera ein sandbanke. Dei kalla opp sandbanken etter inuitten som var med Robert Peary til Nordpolen.

I juli 2003 oppdaga oppdagarar frå USA ein 35 meter lang sandbanke på 83°42'N.

I juli 2001 kom Return to the Top of the World Expedition til ein konklusjon om at ei tidlegare oppdaga og permanent landform kjend som ATOW1996 var den nordlegaste landmassen på jorda.[1]

I juli 2021 vitja vitskapsfolk det dei trudde var Oodaaq, men kom fram til at dei hadde gått i land på ei ukjend øy 780 meter nordvest for Oodaaq. Denne øya var rundt 60×30 m, med det høgaste punktet rundt 3 moh.[2][3] Forskarane føreslo namnet Qeqertaq Avannarleq for øya, eit grønlandsk uttrykk for 'den nordlegaste øya'.[3]

Kjelder

endre
  1. Jancik, John; Richardson, Javana; Gardiner, Steve (2002). Under the Midnight Sun: The Ascent of John Denver Peak and the Search for the Northernmost Point of Land on Earth. Stars End Creations. ISBN 1-889120-19-7. 
  2. «Scientists discover world's northernmost island». RNZ. BBC. 28. august 2021. Arkivert frå originalen 28. august 2021. Henta 28. august 2021. 
  3. 3,0 3,1 «Scientists discover ‘world’s northernmost island’ off Greenland’s coast». The Guardian. 28. august 2021. Arkivert frå originalen 28. august 2021. Henta 28. august 2021.