Ein sandbanke er ein banke er ei samling av sand og eventuelt mudder eller grus i sjø, i ein innsjø eller i ei elv. Sandbankar er ofte lange og smale og oppstår der straumar eller havstraumar legg i frå seg avleiringar som lokalt dannar ei grunne i vatnet. Stundom kan sandbankar etter kvart lage innsjøar, der berre sandbanken ligg mellom innsjøen og havet.

Ei tidvassandbanke mellom øyane Waya og Wayasewa på Yasawaøyane på Fiji

Ein sandbanke kan vere alt frå eit par meter lang i ei lita elv til fleire hundre kilometer langs kystlinjer, då ofte kalla ei barriereøy.

For skipsfart utgjer sandbankar den same faren som rev og andre grunner og skip og båtar må derfor unngå dei.

Barriereøy endre

Ei barriereøy er ei lang og relativt smal øy som ligg parallelt med kysten. Ho er bygd opp av sediment, hovudsakleg sand. Bak barrièreøya, mellom øya og fastlandet, ligg ein lagune eller ei myr der ein ofte finn meir finkorna stoff. Øya fungerer som eit skjold som vernar fastlandet mot erosjon på grunn av til dømes store bølgjer.

Kjelder endre