Kaffeklubben (grønlandsk Inuit Qeqertaat) er den nordlegaste øya i verda. Øya er kring ein kilometer lang, og finst på 83°40'N 29°50'W, 37 km aust for Kapp Morris Jesup utanfor Peary Land på Grønland.

Kaffeklubben
øy
Land  Grønland
Del av Verdens ytterpunkter, list of islands of Greenland
Folketal 0
Kart
Kaffeklubben
83°39′42″N 30°36′36″W / 83.661666666667°N 30.61°W / 83.661666666667; -30.61
Wikimedia Commons: Kaffeklubben Island

Ho vart oppdaga av Robert Peary i 1900. Den danske Jubilæumsekspeditionen 1921–23 gjekk i land på øya.

Oppdagaren Lauge Koch oppkalla øya etter ein uformell kaffiklubbGeologisk Museum ved Universitetet i København. Fleire av oppdagarane av øya var med i kaffiklubben.

Ein sandbanke er alt som er lenger nord. Denne heiter Oodaaq, og vart oppdaga i 1978. Ettersom denne ofte blir dekt av hav og havis kan han vanskeleg reknast som ei øy.

Planteliv endre

Sjølv om øya ligg langt mot nord, veks fleire plantar der. I tillegg til ulike typar lav, mose og levermose finst også blomsterplantane raudsildre (Saxifraga oppositifolia) og islandsvalmue (Papaver radicatum) der.[1][2][3]

Kjelder endre

  1. Arctic Thule. «Kaffeklubben – Top of the World?». Henta 25. oktober 2013. 
  2. «The Flowers of Kaffeklubben Island». Atlas Obscura. 
  3. «Greenland 2007 Photos/Videos». Pax Arctica. Arkivert frå originalen 26. august 2014. Henta 23. august 2014.