Øya São Tomé
São Tomé er den største øya i staten São Tomé og Príncipe (854 km²). Ho har 157 000 innbyggjarar, noko som utgjer 96 % av innbyggjarane i landet. Hovudstaden i landet, São Tomé, ligg nordaust på øya.
São Tomé | |||
øy | |||
Land | São Tomé og Príncipe | ||
---|---|---|---|
Del av | Biafrabukta | ||
Stad | Guineabukta | ||
Areal | 855 km² | ||
Folketal | 185 000 | ||
Øya São Tomé 0°13′N 6°37′E / 0.22°N 6.61°E | |||
Wikimedia Commons: São Tomé Island |
Øya er kring 48 km land (nord-sør) og 32 km brei (aust-vest). Ho ligg 2 km nord for ekvator og 150 km sørvest for Príncipe. Begge er del av den vulkanske Kamerunlinja. Den næraste byen på Fastlands-Afrika er Port Gentil i Gabon, kring 240 km i aust.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «São Tomé (øy)» frå Wikipedia på bokmål, og «São Tomé Island» frå Wikipedia på engelsk den 23. januar 2023.