Príncipe er ei øy inne i Guineabukta, vest for Ekvatorial-Guinea i Sentral-Afrika.[1] Ho er den minste av dei to hovudøyane i staten São Tomé og Príncipe, og ligg kring 150 km nordaust for øya São Tomé. Øya er 136 km² stor og hadde 7 324 innbyggarar ved folketeljinga i 2012.[2]

Príncipe
øy
Skogslandskap på Príncipe.
Land  São Tomé og Príncipe
Areal 136 km²
Folketal 7 344
Kart
Príncipe
1°37′00″N 7°24′00″E / 1.6166666666667°N 7.4°E / 1.6166666666667; 7.4
Wikimedia Commons: Príncipe

Den største byen på øya er Santo António. Pico do Príncipe på 947 meter er den høgaste toppen på øya.[3]

Historie

endre
 
Skisse av Príncipe frå 1727.

Øya var folketom då ho blei oppdaga av portugisarar 17. januar 1471, og blei fyrst gjeven namn etter helgenen Antonius av Padova, Santo Antão. Seinare fekk ho namnet Príncipe av kong Johan II av Portugal, for å æra sonen hans Afonso, prins av Portugal.

Den fyrste busetjinga her, Santo António, blei grunnlagd i 1502. Deretter skipa portugisiske kolonistar plantasjar på dei nordre og sentrale delane av øya, med bruk av afrikanske slavearbeidarar. I byrjinga dyrka dei sukkerroar, men frå 1822 blei avlingane endra til kakao. Deretter var São Tomé og Príncipe ei tid den største kakaoprodusenten i verda.

 
Gate i San Antonia med Pico Papagaio i bakgrunnen.

Festningen på øya, Fortaleza de Santo António da Ponta da Mina, blei bygd i 1695. I 1706 blei byen og festningen øydelagde av franskmenn. Frå 1753 til 1852 var Santo António den portugisiske hovudstaden i portugisiske São Tomé og Príncipe.

Natur

endre

Geologi

endre

Príncipeøya blei danna for mindre enn 30 millionar år sidan, og består av ein skjoldvulkan som stig opp frå ei djuphavslette på 3 000 meters djupne. Príncipe ligg på Kamerunlinja, ei vulkankjede som strekker seg frå Kamerun mot sørvest. Det meste av lavaen som har runne ut dei siste millionar åra har blitt omforma til basalt.[4] Det ligg fleire mindre øyar i nærleiken, som Ilheu Bom Bom, Ilhéu Caroço, Tinhosa Grande og Tinhosa Pequena.

Flora og fauna

endre

São Tomé og Príncipe har aldri vore del av det afrikanske fastlandet. Flora og fauna har derfor komme til øyane med vind eller havstraumar.

São Tomé og Príncipe har det største biologiske mangfaldet av alle øyar i Guineabukta. På øyane finst det fem endemiske amfibium, 120 endemiske planter og 15 endemiske fuglar. Det finst ingen større pattedyr.[5] På sjølve Príncipe finst det ein endemisk underart av korthaleirisk, i tillegg til príncipeglansstare og príncipesolfugl.

I 2006 blei nasjonalparken Parque Natural Obô do Príncipe grunnlagd på den berglendte sørdelen av øya.[6] I 2012 utnemnde UNESCO Príncipe til eit biosfæreområde.[7]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. «Google Map of São Tomé and Príncipe - Nations Online Project», www.nationsonline.org (på engelsk), henta 7. februar 2023 
  2. Projecção a nível distrital 2012 - 2020 Arkivert 2020-03-22 ved Wayback Machine., Instituto Nacional de Estatística
  3. Sailing Directions (Enroute), Pub. 123: Southwest Coast of Africa (PDF). Sailing Directions. United States National Geospatial-Intelligence Agency. 2017. s. 74. 
  4. Sao Tome Vulkan. Volcanodiscovery.com. Henta 12. november 2019.
  5. Sao Tome and Príncipe Arkivert 2019-11-12 ved Wayback Machine.. Henta 16. november 2019.
  6. «PARQUE NATURAL DO PRÍNCIPE». PARQUES NATURAIS EM SÃO TOMÉ E PRÍNCIPE (på portugisisk). 20. oktober 2013. Henta 17. november 2019. 
  7. The Island of Príncipe. Unesco.org. Henta 16. november 2019.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Príncipe