Øystein Øysteinsson Møyla
Øystein Øysteinsson Møyla (1157–1177) var den første leiaren av birkebeinarane. Han vart gjeven kongsnamn på Øyratinget i 1176.
Øystein Øysteinsson Møyla | |
Verkeleg namn | Eysteinn Meyla |
Fødd | 1157 |
Død |
1177 (20 år) |
Yrke | anti-king |
Far | Øystein II av Noreg |
Øystein Øysteinsson Møyla på Commons |

Illustrasjon i Heimskringla, Erik Werenskiold, 1899
Øystein Møyla var son av kong Øystein II Haraldsson. Tilnamnet «Møyla» tyder 'vesle møy' eller 'vesle kvinne', og tilnamnet fekk han på grunn av sin unge alder og barnslege utsjånad.[1]
Då Øystein Haraldsson blei drepen i den første fasen av borgarkrigstida i maktkampen mot broren Inge Krokrygg,[2] samla tilhengjarane hans seg først under sonen til Sigurd Munn, Håkon Herdebrei. Håkon blei nedkjempa av Erling Skakke under slaget ved Sekken, nær Veøya i Romsdalen i 1162.[3]
I 1174 danna motstandarane til Erling Skakke ein flokk som fekk tilnamnet birkebeinarar. Med Øystein Møyla som leiar inntok de Trondheim, og på Øyratinget i 1176 utropte dei han til konge. Øystein Møyla og birkebeinarane gjorde deretter opprør mot Erling Skakke og den unge sonen hans, kong Magnus V Erlingsson. I januar 1177 blei birkebeinerne grundig slått i slaget på Re. Øystein Møyla kom seg unna, men blei drepen av ein bonde då han ba om grid.[4] Dette slaget er det siste som er nemnt i Heimskringla.
Den neste leiaren av birkebeinarane var Sverre Sigurdsson, som regjerte som konge av Noreg frå 1184 til han døydde i 1202.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Øystein Øysteinsson Møyla» frå Wikipedia på bokmål, den 15. november 2016.