Inge I av Noreg

(Omdirigert frå Inge Krokrygg)

Inge I Krokrygg (11353. februar 1161) var konge av Noreg frå 1136 til 1161. Han vart fødd i 1135 som son av kong Harald IV Gille og Ingerid Ragnvaldsdotter. Inge vart vald til konge på Borgartinget i 1136. Samstundes vart broren Sigurd II Haraldsson Munn teken til kongen på Øyratinget.

Inge I

Dronning Ingerid og Gregorius egger kong Inge, teikning av Erik Werenskiold.
Konge av Noreg
Regjeringstid11361161
Fullt namnInge Haraldsson
Fødd1135
FødestadNoreg
Død3. februar 1161
DødsstadOslo
GravstadHallvardskatedralen
DynastiHårfagreætta
FarHarald IV av Noreg
MorIngrid Ragnvaldsdotter
BornJon Kuvlung

Tilnamnet Krokrygg fekk Inge fordi han var vanfør. Ifølge Snorre vart han skada i slaget ved Minne som 2-åring, då lendmannen Tjostolv Ålesson skal ha bore han i ein sekk på ryggen under slaget. Sekken vart truffe av ei pil, og skada barnekongen for livet.[1] Den danske historikaren Saxo Grammaticus har ein annan versjon; at det var amma hans som mista han i golvet slik at han knakk ryggen.[2]

Slaget ved Minne, teikning av Wilhelm Wetlesen.

I borgarkrigstida, då Inge var konge, var det vanleg at fleire kongssøner kjempa mot kvarande om makta i Noreg. Inge Krokrygg kjempa mot brørne Øystein II Haraldsson og Sigurd, som begge ynskte å ta frå Inge kongsnamnet. I løpet av Inges og brørnes regjeringstid vart Nidaros erkebispedøme skipa. Inges viktigaste rådgjevarar var lendmennene Erling Skakke og Gregorius Dagsson. I kretsen rundt Inge lå grunnlaget for det som etterkvart vart ei gruppe aristokratiske og kyrkjevenlege stormenn som i moderne tid er kalla Lendmannspartiet. Denne gruppa la igjen grunnlaget for baglarane, gruppa som reiste seg mot kong Sverre Sigurdsson på slutten av 1100-talet.[3]

Inges menn klarde til slutt å få teke livet av begge brørne hans. Inge sjølv fall i eit slag i 1161 mot Sigurd Munn sin son Håkon Herdebrei.

I Heimskringla av Snorre Sturlason kan ein lesa norske kongesoger, mellom anna om Inge Krokrygg. Soga om Inge og brørne hans heiter Haraldssønenes saga.

Kjelder

endre
  1. Snorre: Haraldssønnenes saga, kap. 2
  2. Saxo, Fjortende bog (Valdemar den store): 194.
  3. Norseng, Per G. (2017, 12. april). Inge 1 Haraldsson. I Store norske leksikon. Henta 2. august 2017.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Inge I av Noreg