Øyvind Kjerpeset
Øyvind Strømmen Kjerpeset (fødd 12. desember 1991) er ein norsk sprintar og hekkeløpar frå Florø. Han er norsk meister fire gongar i 400 meter hekk og ein gong på 200 meter. I 2013 vart han tildet kongepokalen for sin meisterskapsrekord på 50,38 sekund. Kjerpeset er medlem i Florø Turn & Idrettsforening.
Øyvind Kjerpeset | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. desember 1991 (33 år) Florø |
Idrett | friidrett |
Utmerkingar | Kongepokal |
Kjerpeset vann gullmedaljen i 400 meter hekk i noregsmeisterskapen både i 2011, 2012, 2013, 2014. Han vart fyrste nordmann under under 50 sekund i øvinga då han i Gateshead 22. juni 2013 fekk tida 49,98 sekund. Seks dagar seinare forbetra han rekorden til 49,95 under eit internasjonalt stemne i Göteborg.
Under NM i friidrett 2013 i Tønsberg vann Kjerpeset både 200 m og 400 meter hekk, den siste på meisterskapstida 50,38 sekund, ein prestasjon som vart lønt med kongepokal. Kjerpeset var i sitt livs beste form i 2013-sesongen, vel ei veke før noregsmeisterskapen sette han personleg rekord på 200 meter med tida 20,98 sekund.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Øyvind Strømmen Kjerpeset» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2020.