Čičavica
Čičavica (serbisk Чичавица/Čičavica, albansk Çiçavica) er eit fjell sentralt i Kosovo. Det er om lag 8 km langt og 5 km breitt, med ei høgd på 1091 meter over havet. Fjell ligg på grensa mellom regionen Drenica og Kosovosletta. Elva Sitnica renn nær fjellet. Landsbyen Stanovci ligg vest for fjellet. Byane Priština, Vučitrn og Obilić ligg nær fjellet.
Under kosovokrigen i 1998-1999 søkte mange landsbybuarar i området tilflukt på fjellet til krigen var over.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Čičavica» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Kosovo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.