Sitnica

sideelv til Ibar
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sitnica i Montenegro.

Sitnica (albansk Sitnicë, serbisk skrift Ситница) er ei 90 km lang elv i Kosovo. Ho munnar ut i Ibar ved Kosovska Mitrovica og er den lengste elva som berre renn innanfor grensene til Kosovo.

Sitnica (Ситница)
Sitnicë
elv
Land  Kosovo
Nedslagsfelt 3 129 km²
Lengd 90 km
Middelvassføring 9,5 /s
Kjelde Sazlija nord for Uroševac
 - høgd 560 moh.
Munning Ibar ved Kosovska Mitrovica
 - høgd 499 moh.
Kart
Sitnica
42°27′50″N 21°08′10″E / 42.463888888889°N 21.136194444444°E / 42.463888888889; 21.136194444444
Wikimedia Commons: Sitnica

Historie endre

På 1300-talet, under regjeringstida til kong Milutin, vart det grave ut ein kanal mellom Sazlija og elva Nerodimka. Dette skapte ei kunstig forgreining, og sidan den gong har Nerodimka rend sørover og ut i Lepenac, slik at ho høyrer til nedslagsfeltet til Egearhavet i staden for Svartehavet, som Sitnica og Ibar. Etter den andre verdskrigen vart kanalen dekt med jord igjen.

Geografi endre

Sitnica spring ut frå Sazlija, nord for byen Uroševac. Sitnica er den største elva på Kosovosletta og renn vest for hovudstaden Pristina. Ho munnar ut i Ibar ved Kosovska Mitrovica med ei middelvassføring på 9,5 m³/s.

Elva er relativt slak og drenerer eit område på 3129 km². Det totale fallet hennar er om lag 60 meter.

Kjelder endre