Priština (serbisk Приштина; albansk: Prishtinë/Prishtina) er hovudstaden i Kosovo.

Priština
by
Oversikt over sentrale delar av Priština.
Land  Kosovo
Areal 572 km²
Folketal 198 897 (2011)[1]
Kart
Priština
42°40′00″N 21°10′00″E / 42.666666666667°N 21.166666666667°E / 42.666666666667; 21.166666666667
Wikimedia Commons: Pristina

Det er hevda at namnet på byen stammar frå det serbiske ordet Prišt, 'Svartedauden' eller 'pesten', men dette er ikkje allment akseptert.

Innbyggjartalet i byen er estimert til 500 000, mesteparten albanarar. Det er også grupperingar av serbarar, bosniaker og sigøynarar i byen. Innbyggjartalet er usikkert pga. manglande folketeljingar etter konflikten; somme hevder at så mange som ein million menneske bur i Pristina. UNMIK har hovudkvarteret sitt i Pristina, saman med dei fleste andre internasjonale organisajonar som er i Kosovo.

Pristina har ein eigen flyplass, Pristina International Airport (tidlegare Slatina) som ligg ca. 20 km utanfor Pristina i nærleiken av byen Kosovo Polje (Fushë Kosovë). Denne har gått gjennom store forbetringar etter krigen.

Historie endre

Tidleg historie endre

Pristina voks fram som ein handelsby ved viktige handelsruter gjennom Balkan. Byen kom under serbisk herredømme på 1180-/90-talet.[2] I mellomalderen var han ein av residensbyane for dei serbiske kongane inntil det tyrkiske ottomanarriket invaderte området. Etter slaget på Kosovo Polje i 1389 vart Serbia gradvis først ein ottomansk vasallstat, og så innlemma i det ottomanske riket. I 1423 er det belagt ein ottomansk domstol i byen. Heile Serbia vart underlagt ottomanarane i 1459. Befolkninga i Pristina, både serbisk og albansk, vart i den komande tida meir og meir påverka av tyrkisk kultur, samtidig som fleire og fleire konverterte til islam.

I 1689-1690 og igjen i 1737 vart byen okkupert av austerrikske styrkar, i samband med krigar mot ottomanarane. Ved begge høve vart austerrikarane støtta av lokale opprørarar, og lokalbefolkninga vart utsett for harde represaliar frå ottomanarane etter at austerrikarane hadde trekt seg tilbake.[2] Frå 1870 gjorde diverse albanske grupperingar opprør mot det ottomanske styret. I 1880-1881 kom det meste av Kosovo under kontroll av albanske opprørarar organisert i Prizren-ligaen, dei inntok Pristina i januar 1881, men opprøret vart slått ned i mars same året. Samstundes var kongeriket Serbia interessert i å ekspandera sørover inn i Kosovo og Makedonia. Under den russisk-tyrkiske krigen i 1877-1878 nådde serbiske styrkar fram til Pristina i januar 1878, men rakk ikkje å innta byen før våpenstillstand vart inngått. Serbia etablerte eit konsulat i Pristina i 1889. Mange muslimske albanarar var mistenksame mot Serbia sine planar for området, og den serbiske konsulen vart drepen av ukjende gjerningsmenn i 1890.[2]

Under serbisk og jugoslavisk styre endre

Våren 1912 braut eit nytt albansk opprør ut. Dette førte til opprettinga av den sjølvstendige staten Albania. Størstedelen av Kosovo kom òg under kontroll av dei albanske opprørsstyrkane, innan juli hadde Pristina òg blitt tatt av opprørarane. I august gav dei ottomanske styresmaktene etter for opprørarane sine krav, men i oktober same året invaderte Serbia, Montenegro, Bulgaria og Hellas det ottomanske riket, i den første balkankrigen. I Kosovo kjempa dei invaderande serbiske og montenegrinske styrkane hovudsakleg mot dei albanske opprørsstyrkane. I starten på november var heile Kosovo okkupert av dei invaderande styrkane. Den albanske befolkninga vart utsett for massive overgrep - ein dansk journalist rapporterte at 5000 albanarar hadde blitt drepne av serbiske styrkar i Pristina.[2] Grensene etter balkankrigen vart fastsett av stormaktene, Storbritannia, Austerrike-Ungarn, Russland Italia, Frankrike og Tyskland ved London-traktaten i mars 1913. Dei vart samde om å gi størstedelen av Kosovo, inkludert Pristina, til Serbia. Under den første verdskrigen vart byen okkupert av bulgarske styrkar frå november 1915 til oktober 1918, då den serbiske hæren gjenerobra byen og resten av Kosovo, med støtte av franske og italienske styrkar.

Etter den første verdskrigen vart Pristina del av det nyoppretta kongeriket Jugoslavia. Før den andre verdskrigen vart mange muslimske albanarar deporterte til Tyrkia. Dei vart identifiserte som tyrkiske av den serbiske regjeringa og vart sende til «heimlandet» sitt. Mange emigrerte òg meir eller mindre frivillig for å sleppe unna undertrykkjande forhold i Jugoslavia, der t.d. undervisning på albansk språk ikkje vart tillate.

Under den andre verdskrigen vart Pristina, okkupert av tyske styrkar som hadde invadert frå Bulgaria i april 1941. Etterpå vart det meste av Kosovo, med Pristina, innlemma i det italiensk-okkuperte Stor-Albania, etter den italienske kapitulasjonen i september 1943 vart italienarane erstatta av tyske troppar. 19. november 1944 evakuerte dei tyske styrkane Pristina, forfulgt av den sovjetiske raude arméen og bulgarske styrkar. Dei jugoslaviske kommunistiske partisanane under Tito tok så over byen og området.[2]

I 1946 vart Pristina hovudstad for den sosialistiske autonome regionen Kosovo. Mellom 1953 og 1999 auka folketalet i byen drastisk, frå ca. 24 000 til nærmare 300 000. Alle grupperingane auka i denne perioden, men den største auken var blant den albanske delen. Ved byrjinga av 1980 var 70 % av innbyggjarane av albansk etnisitet. Frå 1960-talet av fekk provinsen Kosovo større sjølvstyre, og fleire albanarar kom i reelle maktposisjonar. I 1969 vart det etablert eit universitet i Pristina, som underviste på både serbisk og albansk. I 1981 braut det ut studentdemonstrasjonar ved dette universitetet, som utvikla seg til omfattande demonstrasjonar i heile provinsen for større sjølvstyre eller sjølvstende for Kosovo. Desse vart slått ned av jugoslaviske tryggingsstyrkar, og eit ukjent tal menneskeliv gjekk tapt (overslag varierer mellom 10 og 1000).[2]

Under Kosovokrigen endre

I 1990 tok Slobodan Miloševic bort autonomien til Kosovo. Deretter innførte dei serbiske styresmaktene eit hardt regime som førte til at dei fleste høgståande stillingane vart reserverte serbarar. Universitet i Pristina vart sett på som ei hovudsete for albansk nasjonalisme, og vart derfor så å seie reinsa for albanarar. 800 lærarar fekk sparken og mellom 22 000 og 23 000 studentar vart utviste. Leia av Ibrahim Rugova oppretta albanarane si eiga «skyggeregjerning» med LDK som det leiande partiet. Dei oppretta parallelt ein infrastruktur og kunne tilby utdanning og gratis helsevesen til den albanske befolkninga, noko private donasjonar gjorde mogeleg.

Frå 1996 tok UCK (Kosovos Frigjeringshær) til å gå til åtak på jugoslaviske interesser. Priština var i all hovudsak roleg inntil NATO byrja bombetokta sine i mars 1999. Fleire bygningar i sentrum vart bomba, mellom anna hovudkvarteret for det serbiske politiet ved sports- og handlesenteret Boro i Ramiz. Serbiske styrkar deporterte store delar av den albanske befolkninga. FN vurderte at ca. 120 000 menneske vart drivne frå heimen sinn. Etter krigen tok slutt flykta stort sett alle dei 40 000 etnisk serbiske innbyggjarane i Priština. Dei få som vart igjen vart trakasserte og utsette for valdshandlingar av den albanske befolkninga. I 2005 var det mindre enn 2000 serbarar igjen i byen.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Priština

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Municipal Profile 2018 –Prishtinë/Priština Region» (PDF) (på engelsk). Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa. 2018. Henta 28. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Noel Malcolm, Kosovo - A Short History (New York, 1999)