Ōkamiden
Ōkamiden er eit action-eventyrspel utgjeve av Capcom til Nintendo DS. Spelet vart utgjeve i Japan den 30. september 2010, i Nord-Amerika den 15. mars 2011 og i Europa den 18. mars 2011. Det er ein direkte oppfølgjar til Ōkami , eit spel som opphavleg vart utgjeve i 2006 til PlayStation 2, og som sidan er utgjeve på ei rekkje andre plattformer.
Ōkamiden | |||
Utviklar(ar) | Mobile & Game Studio, Inc. | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Capcom | ||
Plattform(er) | Nintendo DS | ||
Utgjeving | JP: 30. september 2010 NA: 15. mars 2011 EU: 18. mars 2011 | ||
Sjanger | Action-eventyr | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
←Ōkami · |
Ōkamiden handlar om Chibiterasu, ein guddommeleg liten ulv fødd av Amaterasu, hovudkarakteren i Ōkami. Spelet har mange felles spelmekanikkar som forgjengaren, mellom anna Celestial Brush, som lèt spelaren stanse tida i spelet og teikne figurar eller mønster ved hjelp av peikeskjermen, som fører til ulike effektar i spelverda.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell japansk nettstad Arkivert 2010-09-28 ved Wayback Machine.