Žeimena
Žeimena er ei elv i Aukštaitija aust i Litauen og ei av sideelvane til Neris frå høgre. Žeimena spring ut frå Labanorasskogen og innsjøen Žeimenys. Žeimena renn sørover og gjennom Kaltanėnai, Švenčionėliai og Pabradė. Ho munnar ut i Neris nær grensa mellom fylka Švenčionys og Vilniuss. Dei største sideelvane hennar er Lakaja, Saria, Mera, Kiauna, Luknelė og Jusinė.
Žeimena | |||
elv | |||
Žeimena nær Kaltanėnai
| |||
Land | Litauen | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 793 km² | ||
Lengd | 82 eller 144[1] km | ||
Middelvassføring | 27,0 m³/s | ||
Kjelde | Žeimenys | ||
Munning | Neris | ||
Žeimena 54°54′00″N 25°38′00″E / 54.9°N 25.633333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Žeimena |
Žeimena er ein av dei reinaste elvane i Litauen og ein av dei viktigaste lakseelvane i landet. Lengda til Žeimena er omdiskutert fordi ein ikkje er einige kor ho spring ut frå i Aukštaitija nasjonalpark. Området inneheld mange innsjøar som er bunde saman via forskjellige elvar og bekkar, så det er vanskeleg å seie kva for innsjø som er kjelde til kva elv. Tradisjonelt vert Žeimenys rekna som kjelda til Žeimena.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Žeimena» frå Wikipedia på engelsk, den 25. januar 2008.
Fotnotar
endre- ↑ Kjelda til Žeimena er omdiskutert