29 Amphitrite

asteroide
(Omdirigert frå (29) Amphitrite)

29 Amphitrite er ein av dei største S-type-asteroidane, sannsynlegvis den tredje største i diameter etter 15 Eunomia og 3 Juno; men 7 Iris og 532 Herculina har liknande storleikar.

29 Amphitrite
Oppdaging
Oppdaga avAlbert Marth
Oppdagingsdato1. mars 1854
Baneskildring
Epoke 14. juni 2006 (JD 2453900,5)
Aphel409,809 mill. km (2,739 AE)
Perihel354,398 mill. km (2,369 AE)
Eksentrisitet0,073
Banehelling6,096 °
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar212,2 km
Masse1.0×1019 kg
2,0 g/cm³
0,1122 km/s
0,2246 d (5,390 t) [1]
Albedo0,1793[2]

Asteroiden er sannsynlegvis ikkje solid tvers i gjennom sidan den har låg tettleik for solide silikatobjekt og ein mykje lågare tettleik enn det Eunomia og Juno har. Bana er mindre eksentrisk og har mindre inklinasjon enn banane til dei større slektningane.

Amphitrite vart oppdaga av Albert Marth den 1. mars 1854 og vart hans einaste asteroidefunn. Asteroiden er namngjeven etter Amfitrite, ei sjøgudinne i gresk mytologi.