19P/Borrelly
Kometen Borrelly (alternativt 19P/Borrelly) er ein periodisk komet, som har blitt vitja av romsonden Deep Space 1. Kometen er 8 x 4 km i diameter.
Deep Space 1-fotografi av 19P/Borrelly | |
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av: | Alphonse Louis Nicolas Borrelly |
Oppdaga dato | 28. desember 1904 |
Alternative namn: | 1905 II; 1911 VIII; 1918 IV; 1925 VIII; 1932 IV; 1953 IV; 1960 V; 1967 VIII; 1974 VII; 1981 IV; 1987 XXXIII; 1994 XXX |
BaneelementA | |
Aphel (Q) | 5,83 AE |
Perihel (q) | 1,35 AE |
Store halvakse (a) | 3,59 AE |
Eksentrisitet (e) | 0,624 |
Omløpsperiode (P) | 6,8 år |
Banehelling (i) | 30,3° |
Førre perihel | 14. september 2001 |
Neste perihel | 26. juli 2008 |
Oppdaginga
endreKometen vart oppdaga av Alphonse Louis Nicolas Borrelly under eit rutinesøk for kometar ved Marseilles Frankrike den 28. desember 1904.
Deep Space 1-passeringa
endreDen 21. september 2001 flaug romsonden Deep Space 1 forbi Borrelly mens den testa ut ny teknologi i rommet. Sonden vart styrt mot kometen under den utvida delen av ferda og var ein uforventa bonus for forskarane i prosjektet. Til tross for at systemet som hjelpte til med å halda kontroll over fartøyets orientering svikta, klarte Deep Space 1 å senda data tilbake til Jorda som på sendetidspunktet var dei beste bileta og andre vitskapelege data frå ein komet.