1B1

norsk strykeorkester

1B1 er eit ensemble som består av musikarar som underviser ved Universitetet i Stavanger, musikkstudentar derifrå, frå Griegakademiet i Bergen og Universitetet i Agder, vidaregåande skular, kulturskular og medlemmar av Stavanger Symfoniorkester.[1] Gruppa blei skipa i 2008 og har Jan Bjøranger som kunstnarisk leiar. Ensemblet har m.a. samarbeidd med Arvo Pärt, Clemens Hagen, Benjamin Schmid, Steve Reich, Tõnu Kaljuste og Lars Anders Tomter.[2]

Ensemblet gav ut sin fyrste cd i 2012 saman med Martin Kuuskmann og Lars Anders Tomter. Den bestod av konsertar av J.S. Bach og Telemann for bratsj og fagott.[3]

I 2014 gav ensemblet ut cd-en Holberg Variations, som inneheld tre svært ulike versjonar av Griegs Holbergsuiten saman med pianisten Christian Ihle Hadland og jazzkomponisten Erlend Skomsvoll. Cd-en vann Spellemannprisen 2014 i kategorien for klassisk musikk.[4]

Fotnotar

endre
  1. Kavlifondet.no, 21.02.14: 1B1 satser med stor suksess. Vitja 06.02.15, arkivert frå originalen 7. februar 2015, henta 6. februar 2015 
  2. Offisiell nettside
  3. 1b1.no: Recordings. Vitja 06.02.15, arkivert frå originalen 7. februar 2015, henta 6. februar 2015 
  4. Stavanger kommune.no, 16.01.15: 1B1 vant Spellemann, arkivert frå originalen 7. februar 2015, henta 6. februar 2015