20. gardearmé
(Omdirigert frå 20. kombinerte armé)
20. gardearmé er eit operasjonelt nivå i Vestre militærdistrikt i den russiske hæren, med OSK Vest som den operasjonelt-stragegiske kommandoen i Russland i krigstid. Historia skriv seg attende til Sovjetunionen, men i moderne Russland vart arméen sett opp i samband med ny struktur frå 2010.
Historie
endreHovudkvarteret vart fyrst etablert i Mulino i Nizjegorod oblast, men vart i 2015 flytta til Voronezj.
144. motoriserte infanteridivisjon vart i 2017 sett opp av mellom anna tre brigadar:
- 23. motoriserte infanteribrigade med hovudkvarter i Valujki i Belgorod oblast
- 28. motoriserte infanteribrigade med hovudkvarter i Klintsy i Brjansk oblast
Samansetjing
endreSamansetjinga av arméen i byrjinga av 2017 er
- Militærstaben. Forlegningen er i byen Voronezj.
- 9. kommando- og kontrollbrigade (frå byen Voronezj)[1]
- 1. stridsvognbrigade (tidlegare 10. stridsvogndivisjon, forlegningen er Bogutsjar)[2]
- 144. motoriserte infanteridivisjon forlagt til Jelnja
- 3. motoriserte infanteridivisjon forlagt til Bogutsjar
- 236. artilleribrigade med hovudkvarter i Kolomna i Moskva oblast[3]
- 49. luftvernbrigade med hovudkvarter i Krasnyj Bor i Smolensk oblast
- 53. luftvernbrigade med hovudkvarter i Kursk i Kursk oblast
- 448. bakke-til-bakke missilbrigade med hovudkvarter i Kursk i Kursk oblast[4]
- 152. forsyningsbrigade forlagt til Liski
Sjå òg
endreReferansar
endre- ↑ Состав формирований Западного военного округа, arkivert frå originalen 19. april 2017, henta 19. april 2017
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 19. april 2017, henta 19. mars 2017
- ↑ Бригада в Коломне
- ↑ «Мулино — Энциклопедия Нижнего Новгорода». Arkivert frå originalen 20. juli 2013. Henta 15. januar 2013.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |