2004 FH
2004 FH er ein nærjordsasteroide som blei oppdaga 15. mars 2004 av det NASA-finansierte prosjektet LINEAR. Objektet er omtrent 30 meter i diameter og passerte berre 43 000 km frå overflata til jorda 18. mars 2004 22.08 UTC; den næraste passeringa av jorda kjend på det tidspunktet (sjå diagrammet lenger ned). Til samanlikning går geostasjonære satellittar i bane rundt jorda på 35 790 km.
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | LINEAR |
Oppdagingsdato | 15. mars 2004 |
Baneskildring | |
Epoke 14. juli 2004 (JD 2453200,5) | |
Aphel | 157,651 mill. km (1,054 AE) |
Perihel | 87,070 mill. km (0,582 AE) |
Eksentrisitet | 0,288 |
Banehelling | 0,016 62° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 0,030 km |
Masse | 2,8·107 kg |
2 ? g/cm³ | |
16·10-6 km/s | |
? d | |
Albedo | 0,1 ? |
2004 FH er ein Aten-asteroide, men somme meiner at han bør kallast ein meteoroide, sidan han er mindre enn 50 meter i diameter. Hadde objektet treffi jorda ville det sannsynlegvis ha detonert høgt opp i atmosfæren til jorda. Det kunne ha laga eit smell på hundrevis av kilotonn av TNT men ikkje hatt noko effekt på bakken. Sjølv om han er ein liten asteroide (omtrent 30 m) er han stadig den tredje største asteroiden ein veit om som har passert jorda nærare enn månen.
Asteroiden vil ikkje passere nære igjen før i 2044 da han vil vera 1,4 mill. km unna. 2004 FH er au spesiell ved at han har den lågaste banehellinga av alle dei kjende nærjordsasteroidane.
Referansar
endre- Chesley, Steven R; Chodas, Paul W. Recently discovered near-earth asteroid makes record-breaking approach to earth Arkivert 2015-06-07 ved Wayback Machine.. Pasadena, California (USA): NASA Near jorda Object Program Office. 17. mars 2004,
Sjå au
endreBakgrunnsstoff
endre- MPEC 2004-F24 (engelsk)
- Bilde av 2004 FH (engelsk)
- Offisielt presseklipp frå NASA Arkivert 2015-06-07 ved Wayback Machine. (engelsk)
- Asteroide scare prompts NASA to formalize response (av Robert Roy Britt) (engelsk)
- Minor Planet Center: Dei næraste passerinane småplanetar har gjort av jorda (engelsk)