2010-dataspelet Flåklypa Grand Prix
Flåklypa Grand Prix er eit eventyrspel utvikla av Ravn Studio og utgjeve av Pan Vision til Nintendo DS i 2010. Spelet hentar fleire element, mellom anna oppbygnad og minispel, frå PC-spelet med same namn frå 2000 og tilpassar dei til Nintendo DS-formatet.[1] Det inneheld mellom anna åtte minispel og 42 puslespel.[2]
Flåklypa Grand Prix | |
Utviklar(ar) | Ravn Studio |
---|---|
Utgjevar(ar) | Pan Vision |
Plattform(er) | Nintendo DS |
Utgjeving | NO: 7. mai 2010 |
Sjanger | Eventyr, hjernetrim |
Flåklypa Grand Prix for Nintendo DS fekk positiv mottaking i pressa[3][4] og toppa VG-lista over mestseljande dataspel i Noreg i lanseringsveka.[5] Leverandørar bestilte over 30 000 kopiar av spelet før utgjevinga i mai 2010.[2] Det har sidan utgjevinga omsett for over ti millionar kroner.[6]
KjelderEndra
- ↑ «Solan og gjengen». Gamer.no. 25. januar 2010. Henta 22. april 2020.
- ↑ 2,0 2,1 «30.000 forhåndssolgt». Drammens Tidende. 20. mars 2010. Henta 22. april 2020.
- ↑ «Store, lille Flåklypa: Spillanmeldelse: «Flåklypa Grand Prix»». Verdens Gang. 11. mai 2010. Henta 26. mars 2020.
- ↑ «Underholdende på Flåklypatoppen». Pressfire. 15. mai 2010. Henta 22. april 2020.
- ↑ «D'ække farlig å være norsk». farojournalen.no. 17. mai 2010. Arkivert frå originalen 2010-05-25. Henta 22. april 2020. Både
|archive-date=
og|arkivdato=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både|archive-url=
og|arkivurl=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp) - ↑ «Se de første bildene fra det nye Flåklypa-spillet». NRK. Henta 22. april 2020.