24SevenOffice
24SevenOffice er eit norsk IT-firma med hovudkontor i hovudkontor i Oslo og andre kontor i Sverige, Danmark og USA.
24SevenOffice | |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 879447992 | ||
Bransje | Programvarebransje | ||
Skipa | 1997 | ||
Hovudkontor | Tjuvholmen | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://24sevenoffice.com (norsk), https://24sevenoffice.com/sv (svensk) |
Firmahistorie
endre24SevenOffice vart starta i 1997[1] i Porsgrunn av Stian Rustad. Selskapet heitte tidlegare kontorplassen.no men skifta i februar 2005 namn til 24SevenOffice.
Selskapet har opplevd betydeleg vekst, inkludert børsnotering i 2007, og senere privatisering i 2013. Selskapet har også vunne kundar som leiande revisjonsselskap, inkludert PwC og KPMG.[treng kjelde]
Produkt
endre24SevenOffice tilbyr eit komplett web-basert ERP-system, som inkluderer modular for CRM, rekneskap, fakturering, timeregistering, prosjektstyring med meir.
24SevenOffice har vunne fleire prisar, inkludert «Seal of Excellence» på CeBIT og «Årets Produkt 2005» i Kapital.
Konkurrentar
endre24SevenOffice konkurrerer med både internasjonale og nasjonale selskap. Dei viktigaste konkurrentane inkluderer NetSuite, Fortnox, Tripletex og tradisjonelle norske aktørar som Mamut og Visma.
Modular
endre- Fakturering
- Rekneskap
- Salsstøttesystem (CRM)
- Lønn
- Timeregistrering
- Fil-/dokumenthandsamar
- E-post
- Prosjektstyring
- Kalender
- Publisering
- Netthandel
Kjelder
endre- ↑ «Om oss | 24SevenOffice», 24sevenoffice.com (på norsk), 14. august 2023, henta 22. november 2023