PricewaterhouseCoopers
PricewaterhouseCoopers (PwC) er verdas største internasjonale revisjonsselskap. Det vart danna i 1998 gjennom ein fusjon av Price Waterhouse og Coopers & Lybrand, begge grunnlagt i London. PwC er det største av dei fire store revisjonsselskapa i verda, der dei andre tre er Deloitte, Ernst & Young og KPMG.
PricewaterhouseCoopers | |||
| |||
| |||
Bransje | Revisjonsteneste, konsulent[1] | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1995 | ||
Forgjengar(ar) | Price Waterhouse, Coopers & Lybrand | ||
Dotterselskap | Strategy& | ||
Hovudkontor | London, New York by, Madrid | ||
Land | Storbritannia | ||
Nettstad | https://www.pwc.com/ (engelsk) |
PricewaterhouseCoopers tilbyr tenester innan revisjon, rådgjeving, skatt og avgift til offentlege og privateigde verksemder.
På verdsbasis har selskapet 146 000 tilsette i 150 land, og inntektene i 2007 var 25 milliardar dollar. Hovudkontoret ligg i New York.
I Noreg har PwC over 1 200 tilsette. I desember 2007 flytta PwC inn i nye lokale i Bjørvika i Oslo etter å ha vore på Skøyen i fleire år.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «PricewaterhouseCoopers» frå Wikipedia på bokmål, den 25. september 2009.