2MASX J00482185-2507365

2MASX J00482185-2507365 er eit par av okkulterande spiralgalaksar der bakgrunnsgalaksen ligg rundt 780 millionar lysår unna jorda, og dei båe i stjernebiletet Bilethoggaren. Den fremre galaksen viser store støvstrukturar utanfor sjølve hovudskiva som er synlege ved at dei stengjer for lyset frå bakgrunnsgalaksen. Det er ukjend kor vanlege slike støvstrukturar er i galaksar.

2MASX J00482185-2507365

Hubble-bilete av 2MASX J00482185-2507365. Dei fleste av stjernene på biletet høyrer til Bilethoggargalaksen, som her ligg til høgre utanfor synsfeltet.
Observasjonsdata (epoke J2000)
StjernebileteBilethoggaren
Rektasensjon00t 48m 21,7s[1]
Deklinasjon-25° 07′ 36″[1]
Avstand780 millionar lysår (bakgrunnsgalaksen)
Typespiralgalaksar
Serskilde trekkframgrunnsgalaksen viser store støvstrukturar utanfor sjølve hovudskiva
Sjå òg: Galakse, lista over galaksar

Bakgrunnsgalaksen har omtrent same storleik som Mjølkevegen, og er soleis rundt 10 gonger so stor som framgrunnsgalaksen.

I den visuelle nærleiken av 2MASX J00482185-2507365 ligg Bilethoggargalaksen.

Kjelder endre