50000 Quaoar
50000 Quaoar (symbol: ) er eit transneptunsk-objekt i kuiperbeltet. Det blei oppdaga 4. juni 2002 av astronomane Chad Trujillo og Michael Brown ved California Institute of Technology ifrå bilete tekne ved Samuel Oschin Telescope ved Palomar-observatoriet.
Quaoar og Weywot (Hubble) | |
Oppdaging[1] | |
---|---|
Oppdaga av | Chad Trujillo Michael E. Brown |
Oppdagingsdato | 4. juni 2002 |
Baneskildring[2] | |
Epoke 18. mai 2008 (JD 2454600,5) | |
Aphel | 6,716275 Tm (45,286 AE) |
Perihel | 6,270316 Tm (41,928 AE) |
Eksentrisitet | 0,0384 |
Banehelling | 7,988° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 1260 ± 190 km (direct)[3]
844±(+207,-190) km (termisk)[4] |
Masse | 1,0-2,6×1021 kg |
2,0? g/cm³ | |
0,523-0,712 km/s | |
Albedo | 0,088 ±(+0,021, -0,012) [3]
0,1986 ±(+0,13, -0,07) [4] |
Oppdaginga
endreOppdaginga av Quaoar blei offentleggjord den 7. oktober 2002 under eit møte i regi av American Astronomical Society. Dei første bileta tekne av objektet er ifrå 25. mai 1954 der objektet er å finna på ei fotografisk plate ifrå Palomar-observatoriet. Objektet kvalifiserer seg kanskje til dvergplanet status gitt størrelsen funne ifrå direkteobservasjon av romteleskopet Hubble.
Størrelse
endreQuaoar er estimert å ha ein diameter på 1260 ± 190 km, som på oppdagingstidspunktet gjorde at det var det største objektet funne i solsystemet sidan Pluto. Nyare observasjonar av romteleskopet Spitzer føreslår derimor ein mykje større albedo på 0,19 og som ei følgje av dette ein mindre diameter på (844.4 ±(+206,7, -189,6
Satellitt
endreOppdaginga av ein satellitt i bane rundt Quaoar blei rapportert i IAUC 8812 den 22. februar 2007. Banen til satellitten er enn ikkje kjend. Satellitten blei funne 0,35 bogesekund unna Quaoar med ein magnitudedifferanse på 5,6. Med ein albedo lik hovudobjektet har han ein diameter på 100 km.[5]
Fotnotar
endre- ↑ Discovery Circumstances: Numbered Minor Planets
- ↑ Asteroide Data Services by Lowell Observatory
- ↑ 3,0 3,1 Michael E. Brown; Chadwick A. Trujillo (2004). «Direct Measurement of the Size of the Large Kuiper Belt Object (50000) Quaoar». The Astronomical Journal (7018 utg.) 127: 2413–2417. PDF-versjon av artikkelen på Brown sin nettstad
- ↑ 4,0 4,1 Stansberry J., Grundy W., Brown M., Cruikshank D., Spencer J., Trilling D., Margot J-L Physical Properties of Kuiper Belt and Centaur Objects: Constraints from Spitzer Space Telescope To Appear in: Kuiper Belt (M.A. Barucci et al. Eds.) U. Arizona Press 2007 kortversjon
- ↑ Johnston's Archive - 50000 Quaoar
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «50000 Quaoar» frå Wikipedia på engelsk, den 12. april 2008.