Kuiperbeltet
Kuiperbeltet, dessutan kalla Edgeworth-Kuiper-beltet, er ein region i solsystemet som strekkjer seg frå banen til Neptun på 30 AE til omtrent 55 AE frå sola. Det liknar på asteroidebeltet men er mykje større; 20 gangar so vidt og 20 til 200 gangar so massivt. Som asteroidebeltet er det i hovudsak sett saman av smålekamar (restar frå danninga av solsystemet) og minst éin dvergplanet; Pluto. Medan lekamane i asteroidebeltet for det meste er sette saman av stein og metall, er kuiperbelteobjekta stort sett sette saman av frosne flyktige stoff som metan, ammoniakk og vatn.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/81/Outersolarsystem_objectpositions_labels_comp.png/220px-Outersolarsystem_objectpositions_labels_comp.png)
Sidan oppdaginga av det første kuiperbelteobjektet (KBO) i 1992 har talet på kjende objekt stege til over tusen, og ein meiner at meir enn 70 000 KBO-ar med diameter på meir enn 100 km eksisterer i regionen.
Bakgrunnsstoff
endreSolsystemet |
---|
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris |
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen |
smålekamar: meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya) |
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet |