6489 Golevka
asteroide
6489 Golevka er ein Apollo-asteroide. Han blei oppdaga den 10. mai 1991 av Eleanor F. Helin ifrå Palomar Observatory i San Diego County i California.
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | E. F. Helin |
Oppdagingsdato | 10. mai 1991 |
Baneskildring | |
Epoke 30. november 2008 (JD 2454800,5) | |
Aphel | 599,855 mill. km (4,010 AE) |
Perihel | 147,438 mill. km (0,986 AE) |
Eksentrisitet | 0,605 |
Banehelling | 2,277° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 0,7 km |
6,030 t | |
Golevka har blitt observert ved hjelp av radar i 1991, 1995, 1999 og i 2003.[1] Radarobservasjonen av Golevka i 2003 gav for første gong bevis for Jarkowski-effekten.[1] Jarkowski-effekten går ut på at varmestråling sendt ut frå asteroidar sakte endrar banane deira, då varmeutstrålinga er størst der solstrålane har varma opp overflata heile asteroidedagen, og minst der som det er soloppgang på asteroiden.[1]
Datamodellar
endre-
Datamodell av Golevka basert på radarobservasjonar frå Arecibo-teleskopet
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «NASA Scientists Use Radar to Detect Asteroid Force» Arkivert 2011-09-18 ved Wayback Machine. - JPL-pressemelding 5. desember 2003. Vitja 7. oktober 2008.
- 6489 Golevka - baneparametrar hjå JPL Solar System Dynamics
- Oppdagarar og oppdagingsplassar i Engelsk Wikipedia sine asteroidelister. Listene baserer seg på Minor Planet Center - «Discovery Circumstances: Numbered Minor Planets»