9K37 Buk eller Buk M1 (russisk Бук М1, der Бук tyder 'bøketre'), med NATO-kallenamn SA-11 Gadfly er eit sovjetisk mellomdistanse-luftvernsmissilsystem med rakettmotor og radarstøtta målfatning. Systemet vart konstruert med tanke på bruk mot jagarfly, helikopter og kryssarmissil. Det vart fasa inn frå 1980 i det sovjetiske militære våpensystemet og erstatta då rakettsystemet 2K12 Kub. Den moderniserte typen Buk-M1 har betre rekkjevidde og elektronikk. Fire mann er nok til å operera systemet.

Buk M1
SA-11 Gadfly i transportmodus

Etterfølgjarsystemet heiter Buk-M1-2.

Missil og styring endre

Kvart missil er 5,55 meter langt, veg 690 kg og ber ei relativt kraftig sprenglading på 70 kg. Det inneber mellom anna at direkte treff på målet ikkje er heilt påkravd; detonasjon i nærleiken vil òg føra til valdsam skade. Framdrifta skjer ved hjelp av ein startmotor med fast brensel. Etter at startmotoren er utbrent vert den tomme hylsa nytta til forbrenningskammer for ein ramjet-motor som vert driven av flytande brensel. Dette gjev missilet ei god rekkjevidde i høve til storleiken, og ein høg akselerasjonsfart i innleiingsfasen. Farten kjem opp i 3 x farta til lyden.

Missilsystemet skal ha følgjande sannsyn for nedskyting:

  • 0,6–0,9 mot fly
  • 0,3–0,7 mot helikopter
  • 0,4 mot kryssarmissil

Batteriet krev fem minutt til å setjast i stand før det er klart til å brukast mot mål. Det er i transportferdig stand att etter 5 minutt. Reaksjonstid frå målsporing til missilavfyring er 22 sekund.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre