Advanced Linux Sound Architecture

(Omdirigert frå ALSA)

Advanced Linux Sound Architecture (ALSA) er ein modul i Linux-kjernen, der lydkortdrivarar, bufferar, og anna lågnivå infrastruktur for lydhandsaming er plasserte. ALSA kan styra opp til 8 full duplex lydkort og har støtte for automatisk konfigurasjon av lydkort og drivarar. ALSA har svært låg forseinking (nokre få millisekund), noko som er viktig i samband med profesjonelt arbeid i lydstudio. ALSA har innebygd OSS-emulering [1], slik at eldre program skrivne for OSS kan nyttast.

ALSA
Alsa v1.0.14 ubuntu7.1 en.png
Skjermbilete av ALSA Mixer 1.0.14.
UtviklarJaroslav Kysela et al.
Utgjeve1998
Nyaste versjon1.2.3.2
Utgjeve29. juni 2020
OperativsystemLinux
ProgrammeringsspråkC
SjangerLydteknologi
LisensGPL og GLGLP
NettstadAdvanced Linux Sound Architecture (ALSA) project homepage

OppbyggingEndra

 
ALSA-arkitektur.

Ein del av ALSA, som kontrollerer drivarar køyrer i kjernemodus, medan libasound, som ligg på eit høgare nivå, køyrer i brukarmodus.

Biblioteket libasound har eit programmeringsgrensesnitt som brukarprogram, eller miksar/tenarar kommuniserer med. Det blir også nytta av mange små tilleggsprogram, som alsaconf, alsactl, arecord, etc.

Brukarprogram kan kommunisera direkte med ALSA, men ofte kommuniserer dei med JACK, som er ein miksar/lydtenar plassert mellom eit brukarprogram og ALSA, som køyrer i brukarmodus. JACK er eit separat prosjekt og er ikkje ein del av ALSA, men dei to modulane er godt tilpassa kvarandre.

HjelpeprogramEndra

Alsactl
Alsa Control er eit grensesnitt som vert nytta for avanserte konfigurasjon av lydkort. Alsactl gjer det mogleg å lagra/lasta konfigurasjonar for fleire lydkort.
Alsaconf
er eit enkelt kommandolinjeskript som har som oppgåve å detektera lydkort og generera konfigurasjonsfiler for ALSA. Skriptet vil freista å oppdaga kva for Linux-distribusjon som er i bruk, for å kunna tilpassa konfigurasjonsfilene til distribusjonen.
Alsamixer
eit tekstmodus (ncurses) script som kan nyttast for å justera volumkontrollane for dei ulike lydkorta.
Arecord
eit kommandolinjeprogram som lagrar lyd frå fleire lydkort til fil. Arecord støttar fleire filformat.
Aplay
eit kommandolinjeprogram som spelar av lydfiler. Aplay støttar fleire filformat.
Aconnect
eit program som vart nytta for å oppretta eller avbryta samband mellom to portar for ALSA sekvensarar.

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

  1. Notes of kernel OSS-emulation, alsa-project.org, 3/2-2003.

BakgrunnsstoffEndra