Lydkort er ei I/O-eining som tillet ei datamaskin å ta opp og spela av lyd. Hovudoppgåva til eit lydkort er å omforma analoge inn-signal til PCM-format, som kan lagrast og handsamast på ulike måtar på datamaskina, og likeeins omforma ein PCM-straum til analoge signal på utgangane. Lydkort har difor innebygd AD- og DA-omformarar. Moderne lydkort er ofte bygde rundt ein ASIC eller FPGA. Maskinvara på lydkort vert kontrollert av ein drivar, som køyrer i kjernemodus i operativsystemet på datamaskina. Drivaren er ansvarleg for å overføra PCM-audiostraumar mellom lydkortet og RAM i datamaskina.

Eit PCI-lydkort: Sound Blaster Live! Value.

Grensesnitt endre

Lydkort har to typar grensesnitt: eit digitalt grensesnitt mot datamaskina, som overfører lyddata på PCM-format, og eit eller fleire analoge grensesnitt (analoge inn- og utgangar). Mange lydkort har òg eksterne digital grensesnitt.

Grensesnitt mot datamaskina endre

Lydkort kan enten plasserast internt i ei datamaskin, eller i eit eksternt chassis. Mange hovudkort er utstyrte med ein ASIC med same funksjonalitet som eit lydkort. Dette er ei billig løysing. Det vert òg produsert eit stort utval av lydkort med PCI, PCI-X og PCI Express. Desse er som oftast meir påkosta og har betre kvalitet.

Eksterne lydkort til halv- eller heilprofesjonell bruk har ofte IEEE 1394-grensesnitt, medan eksterne lydkort for personleg bruk (Hi-Fi-utstyr) vanlegvis nyttar USB-grensesnitt. Nokre profesjonelle lydkort har MADI-grensesnitt, med koaksial eller optisk fiber samband mellom PC og lydkortet. Det trengst då eit MADI-interface på PC-en. Eksterne lydkort har ofte betre plass for tilkoplingar. Eksterne lydkort for profesjonell bruk har balanserte analoge grensesnitt, slik at dei kan nyttast med lange kablar.

Eksterne grensesnitt endre

Dei fleste lydkort har to eller fleire analoge inn- og utgangar, men mange har òg digitale inn- og utgangar.

Eksterne analoge grensesnitt (inn- og utgangar) endre
 
PCI-lydkort med DB-25-sokkel.

Profesjonelle lydkort har balanserte inn- og utgangar og nyttar XLR eller 6.35 mm TRS-sokklar. Lydkort med balanserte inn- og utgangar kan nytta lange kablar.

Lydkort mynta på personleg bruk (Hi-Fi-utstyr) har sjeldan balanserte inn- og utgangar og nyttar som oftast phono-pluggar eller 3,5 mm sokklar. Lydkort utan balanserte inn- og utgangar bør ikkje nyttast med lange kablar. Slike lydkort nyttar som oftast Microsoft PC99-standard for å fargekode dei eksterne koplingane, som vist nedanfor:

Eit problem med interne lydkort er at dei har svært lite areal tilgjengeleg for kontakter. Dei nyttar difor ofte 3.5 mm TRS-sokklarar. Kort med felire kanalar har ofte ein DB-25-sokklar. Dette krev at ein nyttar ein DB-25-til-phono-overgangskabel, som har ein bunt med ubalanserte kablar med phono-pluggar. Dette er ei billig, men uryddig løysing.

Nokre lydkort har innbygde mikrofonforsterkarar, men på billige kort er sjeldan kvaliteten så god nok til å ta opp musikk. For å ta opp tale kan dei derimot gjera nytte. Nokre profesjonelle eksterne lydkort har innbygde støysvake mikrofonforsterkarar av god kvalitet.

Eksterne digitale grensesnitt endre

Mange lydkort har, i tillegg til dei analoge inn- og utgangane, eksterne digitale grensenitt, som AES3, SPDIF og ADAT. MIDI-grensesnitt er òg vanleg. Desse kan nyttast for å kommunisera med MIDI-instrument, eller for å overføra styresignal til eksterne einingar.


Drivarar endre

For å kunne nytte eit lydkort trengst ein drivar for operativsystem ein nyttar.

  • OS X og Microsoft Windows nyttar proprietære drivarar, utvikla av lydkortprodusentane og distribuerte saman med MAx OS X og Windows. Nokre gonger må drivarar lastast ned frå Internett, spesielt om ein treng oppdaterte drivarar.
  • Lydkortprodusentane produserer ikkje alltid eigne drivarar for Linux, så drivarar vert i sort mon utvikla av frivillige programmerarar. På Linux-maskinar vert lydkortdrivarane kontrollerte av ALSA, med unnatak av drivarar for IEEE-1304 (Firewire), som vert kontrollerte av FFADO.
  • Spesifikasjonane for Universal Serial Bus (USB) definerer eit standard grensesnitt for lydkort (USB audio device class). Ein treng difor ikkje eigne drivarar for lydkort med USB-tilkopling. Nokre USB-lydkort har likevel eigne drivarar for å kontrollera meir avanserte funksjonar, som til dømes innebygde miksarar.