A New Career in a New Town

A New Career in a New Town
Song av David Bowie
frå albumet Low
Utgjeve 14. januar 1977
Innspelt 1976
Sjanger Kunstock
Lengd 2:53
Selskap RCA
Komponist David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie og Tony Visconti

«A New Career in a New Town» er eit instrumentalt stykke av David Bowie frå albumet Low frå 1977.

Stykket som er utan tekst er likevel sjølvbiografisk, som mange av dei andre songane på albumet. Tittelen «A New Career in a New Town» syner til at Bowie nyleg hadde flytta frå USA til Europa. Trass i den fjerne tonen, representerer det livlege stykket likevel ein slags optimisme over å ha start på nytt.

Songen tener som eit bindeledd mellom A-sida på Low, som startar med ein liknande livleg instrumental, «Speed of Life». Det vert nytta mykje synthesizer og teknikkar av Brian Eno på songen. Heilt framme i stykke er munnspelet til Bowie, som ein kan høyre gjennom heile songen, og som gjev ein kontrast mellom den akustiske reinleiken til instrumentet og det særs elektrifiserte bandet. Sjølv trommene til Dennis Davis var kraftig handsama på songen.

Konsertversjonar endre

Det finst ingen offisielle konsertopptak av songen, men han vart ofte spelt under Reality Tour i 2003.

Andre utgjevingar endre

  • Han vart gjeven ut som B-sida til singelen «Sound and Vision» i februar 1977.
  • Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time og Fashions Picture Disc Set

Andre versjonar endre