Low
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 14. januar 1977
Innspelt September til november 1976
Studio Château d'Hérouville (Hérouville i Frankrike); Hansa (Vest-Berlin)
Sjanger
Lengd 38:26
Selskap RCA
Produsent
David Bowie-kronologi
Changesonebowie
(1976)
Low “Heroes”
(1977)


Singlar frå Low
  1. «Sound and Vision» / «A New Career in a New Town»
    Utgjeve: 11. februar 1977
  2. «Be My Wife» / «Speed of Life»
    Utgjeve: 17. juni 1977
  3. «Breaking Glass» / «Art Decade»
    Utgjeve: November 1978 (berre Australia og New Zealand)

Low er det 11. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 14. januar 1977 av RCA Records. Etter år med dopmisbruk og personleg ustabilitet i Los Angeles, flytta Bowie til Frankrike i 1976 med venen Iggy Pop for å bli edru. Etter å ha møtt Brian Eno same året, byrja Bowie å spele inn det første av tre samarbeid med Eno og produsenten Tony Visconti, som vart kjend som Berlin-trilogien. Low vart hovudsakleg spelt inn frå september til november 1976, først i Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike, og sidan i Hansa Tonstudio i Vest-Berlin, etter Bowie og Pop flytta dit.

Musikken på Low er basert på kunstrock og eksperimentell rock og består av dei første gongane Bowie utforska elektroniske og ambiente musikkstilar. Det er inspirert av det tyske musikkmiljøet, særskild band som Tangerine Dream, Neu!, Harmonia og Kraftwerk. Side ein består hovudsakleg av korte, direkte avant-pop-songfragment, medan side to består av lengre, hovudsakleg instrumentale spor. Albumet vart spelt inn med ein særeigen trommelyd, skapt av Visconti ved hjelp av ein Eventide H910 Harmonizer. Plateomslaget, som syner eit profilbilete av Bowie frå The Man Who Fell to Earth (1976), var meint som ordspelet 'low profile' (låg profil).

RCA nekta å gje ut albumet for tre månader då dei frykta dårlege salstal. Då det kom Low kom ut delte det kritikarane og fekk lite marknadsføring av RCA eller av Bowie sjølv. Det nådde likevel andreplassen på UK Albums Chart og 11. plassen på den amerikanske Billboard 200. Det vart marknadsført av singlane «Sound and Vision» og «Be My Wife». Førstnemnde nådde tredjeplassen på UK Singles Chart. Den musikalske tilnærminga på albumet vart utforska vidare på dei neste albuma «Heroes» (1977) og Lodger (1979).

Dei neste tiåra vart Low rekna som føre si tid og eit av dei mest kritikarroste albuma til Bowie. Det er òg rekna som særs innverknadsrikt på sjangrane post-punk og post-rock, og har fleire gonger dukka opp på lister over dei beste albuma gjennom tidene. Albumet er kome ut på ny fleire gonger og var ommastra i 2017 som ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982).

Bakgrunn og inspirasjonEndra

« Eg var i alvorleg offentleg tilbakegang, kjenslemessig og sosialt. Eg trur eg var på lang veg til å bli nok eit rockeoffer. Faktisk er eg ganske sikker på at eg ikkje ville ha overlevd 70-åra om eg hadde halde fram slik eg gjorde. Men eg var heldig nok til å legge merke til ein stad inni meg at eg verkeleg tok livet av meg, og eg måtte gjere noko drastisk for å kome meg ut av det.[1] »

Sommaren 1974 utvikla David Bowie eit kokainmisbruk.[2] Dei neste to åra vart misbruket stadig verre, og det påverka både fysikken og den mentale tilstanden hans. Han spelte inn både Young Americans og Station to Station, i tillegg til at han filma The Man Who Fell to Earth, medan han heile tida var påverka av dop.[3] Inntaket eskalerte til eit punkt der han tiår seinare nesten ikkje hugsa noko av innspelinga av Station to Station,[4] og sa «eg veit det var i L.A. fordi eg har lese at det var det.»[5] Bowie var òg ein kontroversiell person på den tida, hovudsakleg på grunn av kommentarar han gjorde i rolla som The Thin White Duke, der han uttalte seg om Adolf Hitler og Naz-Tyskland som somme tolka som ein sympati for eller til og med fremjing av fascisme.[6] Han skulda den ureknelege oppførselen på misbruket sitt og den usikre mentale tilstanden.[7] Han forklarte seinare: «Det var ein farleg periode for meg. Eg var på enden av tauet fysisk og kjenslemessig og hadde alvorleg tvil om fornufta mi.»[8]

Medan Bowie budde i Los Angeles vart han interessert i tysk musikk, artistar som Tangerine Dream, Kraftwerk og Neu!, som med sin krautrock hadde påverka Station to Station, særskild tittelsporet.[9][10] I månadane under rehabiliteringa si vart han òg interessert i den tidlegare klaverspelaren og konseptualisten i Roxy Music, Brian Eno, som i 1975 gav ut to ambient-album: Another Green World og Discreet Music. Særskild Another Green World vart ein stor inspirasjon for lyden Bowie ønskte å skape for det som vart kjend som Berlintrilogien hans.[11] Bowie møtte Eno i 1976[12][13] og kort tid etter byrja samarbeida med Eno, produsenten Tony Visconti og Pop.[14]

UtviklingEndra

Etter å ha fullført Station to Station i desember 1975 byrja Bowie arbeidet med filmmusikken for The Man Who Fell to Earth med Paul Buckmaster som samarbeidspartnar.[15] Bowie venta å få heile ansvaret for filmmusikken, men fann ut «då eg var ferdig med fem eller seks stykke vart eg spurt om det ville bry meg om eg sende inn musikken i lag med musikken til nokre andre folk ... og eg berre sa 'Drit, de får ikkje noko av det'. Eg var så rasande, eg hadde lagt ned mykje arbeid i det.»[16] Trass i dette hevda Harry Maslin at Bowie var «utbrend» og at han uansett ikkje hadde vore i stand til å fullføre arbeidet. Songaren kollapsa til slutt og sa seinare «Det var bitar av meg over heile golvet».[15] Til sjuande og sist vart det berre ein instrumental som såg dagens lys frå filmusikken, stykket som utvikla seg til «Subterraneans».[16][17] Bowie sa seinare at den einaste delen av filmmusikken nytta for Low var ein baklengs bass på «Subterraneans»,[18] som vart spelt inn i desember 1975 i Cherokee Studios i Los Angeles,[19][20] der Station to Station var spelt inn.[21] Då Bowie presenterte materialet sitt for filmen til Nicolas Roeg, meinte regissøren at det ikkje var passande. Roeg føretrekte ein meir viseaktig stil, sjølv om John Phillips (den utvalde komponisten for filmmusikken) skildra bidraga til Bowie som «stemningsskapande og vakre».[22] Seks månader etter at forslaga til Bowie vart avviste, sende han Roeg ein kopi av Low med ein merknad som sa «Dette er det eg ønskte å gjere for filmen. Det ville blitt eit strålande lydspor.»[23][24]

Sjølv om Bowie hadde hatt kommersiell suksess mellom 1975 og 1976 med singlane «Fame» og «Golden Years», ønskte han å rømme frå dopkulturen i Los Angeles.[25][26] På slutten av Isolar-turneen i 1976, den 18. mai 1976, flytta Bowie og kona hans Angela til Sveits, sjølv om dei to sjeldan var der. Samsundes hyrte Bowie studiotid seinare på sommaren i Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike, der han hadde planar om å skrive og produsere eit album med den gamle venen og songaren Iggy Pop.[27] Sjølv om dei to hadde vore vener i mange år, var siste gongen dei hadde arbeidd i lag vore i 1973, då Bowie miksa The Stooges-albumet Raw Power i 1973. Etter at The Stooges vart oppløyst vart Pop kraftig dopavhengig. I 1976 var han klar for å bli edru og gjekk med på å flytte til Europa med den gamle venen.[28] Dei to flytta inn i chateauet,[29] same staden Bowie spelte inn albumet Pin Ups i 1973.[23][30] Etter dette reiste Bowie attende til Sveite, der han dei neste par månadane skreiv og la planar for det neste albumet sitt.[31] Dei to møttest att i Frankrike att i juni og fram til august,[32] og spelte inn det som vart det første soloalbumet til Iggy Pop, The Idiot.[29][33] Bowie skreiv det meste av musikken for The Idiot, medan Pop skreiv dei fleste tekstane,[34] ofte som svar til musikken Bowie komponerte.[35] Under innspelinga utvikla Bowie ein ny prosess, der akkompagnementet vart spelt inn først, etterfølgd av ekstra lydspor, med tekstar og vokal skriven og spelt inn til slutt.[36] Han likte særs godt denne prosessen i «tre fasar» , som han brukte resten av karrieren.[37] Fordi The Idiot vart spelt inn før Low, er The Idiot kalla den uoffisielle byrjinga av Berlinperioden til Bowie,[38] sidan musikken minna om stilen Bowie utforska i Berlintrilogien.[39][40]

Etter å ha fullført The Idiot reiste dei to til Hansa Studios i Vest-Berlin for å mikse albumet. Fordi Visconti alt var klar til å produsere det neste albumet til Bowie, ringde Bowie han for å hjelpe til med miksinga, og slik gjere seg kjend med den nye arbeidsmetoden til Bowie.[41] Bowie vart fascinert av Berlin og syntest det var ein flott plass å stikke seg bort, og dei to valte å flytte der i eit forsøk på å kvitte seg med dopproblema og kome seg unna rampelyset.[23][25][42] På dette tidspunktet var Bowie klar til å flytte til Berlin, men hadde alt leigd studioet i Frankrike ein månad til etter The Idiot, så han fortsette innspelinga der.[43]

InnspelingEndra

 
Low markerte det første av tre samarbeid med musikaren Brian Eno (avbilda i 2015).

Under arbeidstittelen New Music: Night and Day,[12] starta innspelinga for Low offisielt 1. september 1976.[44] Sjølv om Low vert rekna som det første i Berlintrilogien til Bowie, er mesteparten av det spelt inn i Château d'Hérouville i Frankrike.[23] Med seg frå innspelinga til Station to Station henta Bowie inn gitaristen Carlos Alomar, bassisten George Murray og trommeslagaren Dennis Davis. I tillegg til Eno, henta Bowie inn dei nye medlemmane Roy Young, tidlegare klaverspelar for The Rebel Rousers og Ricky Gardiner, tidlegare gitarist i Beggars Opera.[23] Ein gjest under Château-innspelingane var den dåverande kona til Visconti, Mary Hopkin, som vart spurt om å syngje korvokal på «Sound and Vision».[45] På omslaget vart ho oppført som Mary Visconti.[23]

Albumet vart produsert av Bowie og Visconti i lag med bidrag frå Eno.[46] Visconti, som ikkje hadde vore med på innspelinga av Station to Station på grunn av andre plikter,[47] vart henta attende til å produsere albumet etter å ha miksa The Idiot.[48] Bowie forklarte kor viktig Visconti var som medprodusent i 2000: «I løpet av åra har ikkje Tony Visconti fått nok ære for særskild dei albuma. Den faktiske lyden og teksturen, kjensla av alt frå trommen til måten røysta mi vart spelt inn, er Tony Visconti.» Trass i at han ofte er oppfatta som med-produsent, var ikkje Eno det. Visconti sa: «Brian er ein flott musikar, og var særs viktig i å få skapt dei tre albuma [Low, «Heroes» og Lodger]. Men han var ikkje produsent.»[48]

Som The Idiot, starta innspelinga av at Bowie og rytmeseksjonen spelte inn akkompagnement. Dei byrja på kvelden og heldt på heile natta, som Seabrook meiner passa perfekt for stemninga i musikken. Som han hadde gjort på Station to Station, let Bowie Alomar sjølv ta seg av arrangementa for seg sjølv, Murray og Davis, med instruksjonar frå Bowie om korleis dei skulle høyrast ut. Bowie henta mange songidear han hadde frå Sveits, medan somme, som «What in the World», vart henta attande frå The Idiot.[49]

I følgje biografen Paul Trynka, kom Eno seint inn i innspelinga, etter at alle akkompagnementa for side ein i røynda var ferdige.[50] Kort tid før han kom, hadde Eno spelt inn musikk med det tyske bandet Harmonia, som var ei stor inspirasjonskjelde på innspelinga av Low.[51] Då han kom med, sette han og Bowie seg ned med musikarane og informerte dei om det neste stadiet i innspelingsprosessen.[50] I følgje Young spelte dei lydband av musikken til The Man Who Fell to Earth og sa dei planla noko liknande. Young sa vidare at somme av musikarane, inkludert han sjølv, ikkje likte ideen særleg godt, sidan det var musikk dei ikkje var vande med. Bowie var sikker på at RCA ville meinte det same og sa: «Me veit ikkje om dette nokon gong vil bli gjeve ut, men eg må gjere dette.»[50] Det var først etter at Visconti sette saman eit lydband to veker inn i prosjektet og spelte det for Bowie. Han vart overraska og entusiastisk over at dei hadde eit album.[52][53]

Utan ein deadline frå selskapet eller noko planlagt musikalsk struktur, vart stemninga under innspelingane skildra av Seabrook som «livleg og avslappa». Studioet låg òg midt på den franske landsbygda, så musikarane fekk god tid til å bli kjende med kvarandre og eksperimenterte mykje.[54] Alomar, som var mest motvillig til Eno sitt «avantgarde bullshit»,[55] mildna etter kvart opp og aksepterte det. Seabrook skreiv at alle åt i lag, såg på det britiske fjernsynsshowet Fawlty Towers då dei ikkje var i studio og underheldt kvarandre med soger. Gardiner sa seinare: «Me hadde nokre gode samtalar om musikk, astrologi - verda.»[54] Davis sa at han var komikaren under innspelingane, framførte sketsjar og fortalte historier. I tillegg til at han song korvokal på «What in the World», var Iggy Pop til stades under innspelingane. Gardiner hugsa han som «i form, sunn og positiv.» Som Davis skapte han ein positiv atmosfære ved å fortelje soger om tidlegare dagar med The Stooges.[54] I følgje, Trynka, var Eno ansvarleg for motivasjonen til Bowie gjennom innspelinga.[56]

Likevel var ikkje innspelingane i Château d'Hérouville utan problem. I motsetnad til innspelingane for The Idiot, var mesteparten av dei faste tilsette i studio på ferie, slik at det berre var uerfarne lydteknikarar att og eit kjøkenbesetning som ikkje varierte måltida. Månader etter innspelingane var over, sa Visconti: «Me syns studioet var totalt ubrukeleg. Folka som eigde det verka ikkje å bry seg. Me pådrog oss alle dysenteri.» Bowie og Visconti vart begge matforgifta på eit tidspunkt. I følgje Seabrook spøkte det visstnok i studioet. Det var tidlegare eigd av den kjende komponisten Frédéric Chopin, og både Bowie og Eno hugsa møte med gjenferdet av Chopin og kjærasten George Sand i slottet.[57] Bowie sjølv var i ein skjør sinnstilstand gjennom øktene, sidan dagane hans med kokainmisbruk ikkje var langt bak han. «Eg hang i taua, både fysisk og kjenslemessig, og hadde alvorlege tvil om eg var tilrekneleg eller ikkje,» sa han seinare. I tillegg byrja forholdet hans til kona Angela å skrante og han sleit med juridiske problem etter å ha sparka manageren sin Michael Lippman. Han måtte mellom anna reise frå innspelinga i midten av september for å løyse saka.[57] Trass i problema under innspelingane, hugsa Visconti at han, Bowie og Eno arbeidde på «sitt aller beste» under øktene.[37]

Mot slutten av september[58] var Bowie og Visconti blitt lei av borga i Frankrike. Bowie var mentalt tom og Visconti frustrert over mangelen på assistanse i studioet. Etter å ha spelt inn ordlaus vokal for «Warszawa», reiste Bowie, Visconti, Iggy Pop og assistenten til Bowie, Coco Schwab, frå Frankrike til Vest-Berlin.[59] Innspelingane heldt fram i Hansa Studios. I følgje Pegg og Seabrook var ikkje dette den same staden «nær muren» som der «Heroes» sidan vart spelt inn.[58][59] I Hansa vart dei siste spora «Weeping Wall» og «Art Decade» fullførte, i tillegg til ekstra vokalspor på innspelingane frå Frankrike.[60] Innspelingane varte fram til 18. november.[61]

SongarEndra

 
Ein dominerande del av lyden på Low var eit apparat Visconti hadde skaffa seg. ein Eventide H910 Harmonizer. Då Bowie spurte om kva apparatet gjorde, svarte Visconti: «det køddar med tidsstrukturen.»[62]

Low var første gongen Bowie utforska elektronisk[63][64] og ambient musikk.[26] Det vart sidan rekna som kunstrock og eksperimentell rock av Ultimate Classic Rock og Consequence of Sound.[64][65] I lag med oppfølgjaren «Heroes», legg songane på Low meir vekt på tone og atmosfære enn gitarbasert rock.[26] Sjølve musikken er inspirert av tyske band som Tangerine Dream, Kraftwerk og Neu!,[66][12][23] som Bowie tidlegare hadde synt seg påverka av på Station to Station, og då særskild tittelsporet.[67] Seabrook rekna Neu! som den største inspirasjonskjelda til den nye musikalske retninga til Bowie. Albumet deira Neu! '75 er, som Low og «Heroes», delt i to av songar og instrumentalar og har i tillegg ein song kalla «Hero».[68] I 2004 skreiv Bjorn Randolph i Stylus Magazine at «hadde albumet kome ut tjue år seinare, ville det blitt kalla 'post-rock'».[69]

Side ein består hovudsakleg av korte, direkte fragment av avantpop-songar.[70] Side to består av lengre, hovudsakleg instrumentale spor.[64] I 1977 sa Bowie at side ein var om han sjølv og dei «rådande stemningane» hans på den tida, medan side to var dei musikalske observasjonane hans då han budde i Berlin.[58] Musikalsk har ein kritikar omtalt side ein som ei direkte forlenging av Young Americans og Station to Station.[71] Visconti snakka om delinga av songar og instrumentalar: «Me meinte at seks eller sju songar der Bowie syng, med refreng og vers, ville vere eit bra album, og så la side to vere instrumental som ein perfekt yin-yang-balanse.»[56] Chris O'Leary skreiv at dei instrumentale stykka alle deler eit tema: «ei reise i eit oppdikta Aust-Europa av den isolerte, paranoia-aktige karakteren på den maniske sida til Low».[72] Somme av songane, som «Speed of Life» og «A New Career in a New Town», skulle opphavleg ha tekst, men Bowie kom ikkje opp med høvande ord og let dei vere instrumentalar.[73][74] Instrumentalane inneheld bidrag frå Eno, som brukte ein berbar EMS AKS-synthesiser.[75] Visconti hugsa: «Det hadde ikkje noko klaver, berre ein styrespak, og han kom opp med fantastiske lydar du kan høyre over heile albumet, som ikkje var skapt av vanlege instrument».[76]

Low er kjend for den unike trommelyden, skildra av biografen David Buckley som «brutal» og «mekanistisk». Davis spelte trommene,[77] medan lyden vart skapt av Visconti ved hjelp av ein Eventide H910 Harmonizer.[76] Då Bowie spurte Visconti om kva apparatet gjorde, sa Visconti: «Det køddar med strukturen i tida».[62] Visconti rigga maskinen til skarptromma til Davis og køyrde resultatet gjennom hovudtelefonane hans, slik at han kunne høyre den endelege lyden.[77] Visconti fortalte Buckley: «Eg høyrde at det kunne endre tonen på ein lyd, utan å endre snøggleiken. Hjernen min eksploderte nesten då eg fann ut kva eg kunne gjere med trommene. Ved å ta ned tonehøgda på trommer, og så gje lyden attende, fekk eg ein slags endelaus dropp i tonehøgda, som stadig fornya seg sjølv. Lyden, særskild tydeleg på «Speed of Life», «Breaking Glass» og «Sound and Vision», er av Buckley skildra som «revolusjonerande» og «slåande».[76] Davis sjølv skildra lyden som «like stor som eit hus».[78] Bud Scoppa i Phonograph Record samanlikna lyden med «saluttar som eksploderer under blikkboksar».[79] Trynka skreiv at «anda og energien» til Davis driv den første sida av albumet stadig framover.[77] Då albumet kom ut kalla Kris Needs i ZigZag det ein av dei beste lydane han nokon gong hadde høyrt, medan Rob Sheffield i Rolling Stone seinare kalla det «ein av rockens mest imiterte trommelydar gjennom tidene.»[80]

Side einEndra

«Speed of Life» er skildra av forfattaren Peter Doggett som eit perfekt opningsspor, på den måte at det bringer publikum inn i «eit emne som er for djupt for ord».[81] Det har ein kjapp inntoning som Pegg meiner skapar ei «bisarr» opning og skreiv: «Det er som om lyttaren nettopp har kome inn i noko som allereie har starta.»[82] «Breaking Glass» er eit song-fragment,[83] med seks linjer med tekst. To av dei kommanderer lyttaren til å «lytte» og «sjå».[84] Eno sa om songen, «kjensla var at me skulle redigere saman, og så gjere det til ein meir normal struktur» før Alomar la ned veto mot ideen og rådde dei til å behalde songen som han var. Songen er tilskriven Bowie, Murray og Davis, og Alomar hugsa at det vart slik fordi dei tre hovudsakleg hadde skrive songen i lag.[76] O'Leary skreiv at «What in the World» vart skapt mot byrjinga av innspelinga og var kanskje meint for Pop-albumet The Idiot. Denne hadde òg korvokal av Pop.[85][86] Songen er ein av få spor på albumet som kombinerer kunstrock med meir streit pop. I følgje Pegg har han ein «vegg av synthesiser-pip mot ein vegg av gitar og forvrengde perkusjonseffektar.»[87] I teksten skildrar forteljaren ei lita jente som sit fast på rommet sitt.[88]

 
«Sound and Vision» inneheld korvokal av den dåverande kona til Visconti, Mary Hopkin (avbilda i 1970).

Den ordlause korvokalen på «Sound and Vision» vart sungen av den dåverande kona til Visconti, Mary Hopkin, som vart spelt inn før det var noko tekst, tittel eller melodi. Vokalen til Bowie kjem først inn etter 1 minutt og 45 sekund,[89] som var noko Eno insisterte på for å «forvirre forventningane til lyttaren».[90] Songen vart skildra av Bowie som hans «ultimate retrettsong»,[90] med ein tekst som skildrar den mentale tilstanden hans etter ein lang periode med dopmisbruk.[91] Teksten står i sterk kontrast til sjølve musikken, som er meir glad og livleg.[90] Buckley skreiv at av alle songane på albumet er dette nærast ein vanleg popsong.[89] Teksten på «Always Crashing in the Same Car» refererer til ei hending då Bowie budde i Los Angeles og han køyrde inn i bilen til dophandlaren sin, som hadde svindla han for pengar.[92] I eit vidare syn er teksten ein metafor for å gjere den same feilen om att og om att, i tillegg til Bowie sitt besette behov for å reise og endre livsstilen sin.[93] O'Leary kalla det «depresjonen på midten av den «maniske» sida.[94] Seabrook skriv at det er den einaste songen på side ein med ein definitiv start og slutt.[95]

Bowie sa om teksten på «Be My Wife»: «Han var verkeleg forpint, tenker eg».[96] Dei gjenspeglar einsemda til Bowie, den manglande evna hans til å slå seg ned, og ei bøn om menneskeleg kontakt.[97][98] Fleire biografiforfattarar har indikert at dei handla om ekteskapet til Bowie som var i ferd med å ta slutt på denne tida.[99] Musikalsk er songen leia av eit «bar-piano», spelt av Roy Young.[98] «A New Career in a New Town» er, som tittelen indikerer, ein instrumental som fungerer som ein musikalsk overgang. Han byrjar som eit elektronisk stykke, før han går over i ein meir rockeaktig melodi med ein munnspelsolo av Bowie. Soloen er av Doggett og O'Leary skildra som blues-aktig.[100][101] Tittelen syner òg til at Bowie hadde flytta til Berlin.[102][101]

Side toEndra

Opningssporet av det O'Leary kallar «nattsida» på Low, «Warszawa» var kalla opp etter den polske byen, som Bowie vitja i april 1976.[103] Medan han var her fann han landskapet nitrist, og ønskte å fange dette i musikken. Songen var hovudsakleg komponert av Eno, som høyrde den fire år gamle sonen til Visconti spele A, B, C i ein konstant loop på pianoet på studioet. Eno brukte så denne frasen til å skape hovudtemaet på songen.[104] Stykket er i seg sjølv stemningsskapande, med ordlaus vokal av Bowie, som av Doggett er skildra som noko som minner om «korsong av munkar».[105] Buckley kalla det «mest oppsiktsvekkande» stykket på albumet.[106] Bowie sa i 1977 at «Art Decade», eit ordspel på «art decayed», eller «kunstforfall» er om Vest-Berlin, «ein by avskoren frå si verd, kunst og kultur, utan håp om gjengjelding.»[107] Stykket var sterkt inspirert av ambientmusikken til Eno[108] og gjev visuelle inntrykk og framkallar kjensler av melankoli og venleik.[109][110] O'Leary skreiv at for ei tid vart stykket tilskriven Bowie og Eno.[108] Ein cello på songen vart framført av lydteknikaren i Hansa, Eduard Meyer.[107]

Bowie spelte alle instrumenta på den tredje instrumentalen, «Weeping Wall» sjølv.[111] Han var inspirert av minimalistkomponisten Steve Reich,[112] og hovudmelodien er ein adaptasjon av melodien «Scarborough Fair».[113] Bowie brukte synthesiser, vibrafon, xylofon og wordless vokal for å skape ei kjensle av frustrasjon og fengsling.[114] Stykket var visstnok meint å framkalle smerta og elendigheita som Berlinmuren skapte.[114] Bowie skildra «Subterraneans» som eit portrett av «folk som vart fanga i Aust-Berlin etter delinga, og den svake jazzsaksofonen representerer minnet av det som var.»[17] Stykket vart opphavleg spelt inn for filmmusikken til The Man Who Fell to Earth,[115] og består av ordlaus vokal liknande «Warszawa». Saksofonsoloen til Bowie er av Doggett skildra som «merkverdig».[116]

Plateomslag og utgjevingEndra

Plateomslaget syner eit stillbilete frå Nicolas Roeg-filmen The Man Who Fell to Earth frå 1975. Ein kan sjå Bowie i profilbilete i rolla han spelte i filmen, Thomas Jerome Newton, kledd i ein duffeljakke mot ein oransje bakgrunn. Buckley skriv at det var meint som eit visuelt ordspel som tyder «low profile» («låg profil»), men at stort sett ingen forstod spøken før Bowie påpeikte det i seinare intervju.[117] Visconti meinte at tittelen var dels in referanse til den «låge» stemninga til Bowie under låtskrivinga og innspelinga.[118]


Dei to førre albuma til Bowie, Young Americans og Station to Station, selde massivt og vart store suksessar.[119] På grunn av dette var RCA Records ivrige etter å få ein ny bestseljar frå artisten. Men då dei høyrde Low vart selskapet sjokkert over det som vart presentert.[120] Dei frykta dårleg sal og RCA skreiv eit brev til Bowie der dei avviste albumet og innstendig bad han om å lage eit album som var meir som Young Americans. Bowie hadde brevet i rame på veggen sin heime.[121] Etter at Bowie nekta å gjere nokre endringar, forseinka RCA utgjevinga av albumet frå den planlagte datoen i november 1976. I følgje Seabrook meinte sjefane i selskapet plata som «utprega usmakeleg» for julemarknaden.[122] RCA gav til slutt ut Low den 14. januar 1977 med katalognummeret PL 12030.[23][117] Albumet fekk nesten ingen marknadsføring frå verken RCA eller Bowie sjølv, som meinte det var hans «minst kommersielle» plate til då og valte i staden å turnere som klaverspelar for Iggy Pop.[117][60] Trass i at det ikkje vart marknadsført vart Low ein kommersiell suksess og nådde andreplassen på UK Albums Chart og 11. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista.[117]

«Sound and Vision» vart gjeven ut på singel 14. februar 1977, med katalognummer PB 0905 og med instrumentalen «A New Career in a New Town» som B-sida.[123] Denne nådde tredjeplassen på UK Singles Chart,[124] den høgaste plasseringa hans på den britiske singellista sidan «Sorrow» i 1973.[117][125] Han gjorde det ikkje like bra i USA, der han berre nådde 69. plassen på Billboard Hot 100 og signaliserte den kommersielle nedturen til Bowie i USA som varte fram til 1983.[126] Sjølv om Bowie ikkje marknadsførte albumet sjølv, skreiv Pegg at singelen var «umiddeblar platespelarfavoritt» og vart styrka av at BBC nytta han i TV-reklamar.[126] Den britiske suksessen til singelen forvirra sjefane i RCA. Selskapet vart skremd av Bowie, som overtydde dei om å gje ut Iggy Pop sitt The Idiot, som kom ut i mars 1977.[127]

«Be My Wife» kom ut som den andre singelen den 17. juni 1977, med katalognummer PB 1017 og den instrumentale «Speed of Life» som B-side.[123] Han vart den første singelen til Bowie som ikkje gjekk inn på listene sidan før Ziggy Stardust-tida. Trass i dette vart han marknadsført med ein musikkvideo - den første han laga sidan 1973.[98] Ein lengre versjon av «Breaking Glass» vart gjeven ut på singel i Australia og New Zealand i 1978. Singelversjonen vart skapt ved repetere verset frå det originale albuminnspelinga to gonger. Denne sjeldne versjonen kom ut digitalt og på CD for første gongen i 2017 på Re:Call 3, ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982).[83]

MottakingEndra

Kritikarane var delte i meininga om Low då det kom ut.[60] Rolling Stone-skribenten John Milward sa at «Bowie manglar den sjølvsikre humoren til å takle avantgarde-ambisjonane sine» og meinte at den andre sida av albumet var svakare enn den første: «Side ein, der Bowie arbeider innafor meir konvensjonelle rockerammer, er langt betre enn eksperimenta på side to, fordi bandet tvingar inn ein disiplin i låtskrivinga og framføringa til Bowie.»[128] Charles Shaar Murray i NME var ekstremt negativ til albumet og skreiv: «Low er: mindre eit album og meir ein sinntilstand, ein sinntilstand forbi desperasjon, ein tilstand der du er så langt nede at du må strekke deg oppover for å nå botn, bortsett frå at du ikkje ein gong gidd å prøve.» Han meinte at albumet totalt sett oppfordra lyttaren til å kjenne seg nedfor og ikkje gjev noko hjelp til å kome seg opp att, og sa: «Det er ei rein hat- og destruktiv handling. Det kjem til oss i ei dårleg tid og det hjelp ikkje i det heile tatt.» Murray spurte til slutt «Kven trenger denne driten?»[129]

I The Village Voice meinte Robert Christgau at dei sju «fragmenta» på side ein var «nesten like mektige som dei 'overlange' spora på Station to Station», men skildra «filmusikken på side to» som banal[130] (men endra seinare meining om side to etter at «Heroes» kom ut og skreiv at Low «nå verkar ganske pop-aktig, glatt og konsis sjølv når det er bakgrunnsstøy»).[131] Christgau inkluderte det på 26. plassen på lista si over dei beste albuma for 1977, som han bidrog med til Pazz & Jop-undersøkinga.[132] Los Angeles Times-kritkaren Robert Hilburn delte liknande tankar og skreiv: «For 12 minutt er dette det mest slåande og tilfredsstillande albumet til Bowie sidan Ziggy. Men dei attverande 26 minutta, inkludert heile side to, omhandlar ein spacy kunstrockstil som er ganske enkel for langt forbi masse-pop-kjensla for at klarar å byggje mykje entusiasme.»[133]

Andre meldarar var einstemmige i lovorda om plata. NME-kritikaren Ian MacDonald meinte at Low var «slåande vakker [...] lyden av Sinatra reprodusert av datamaskinar frå Mars».[134] Billboard kalla den andre sida av albumet «det mest eventyrlystne og ein sterk kontrast til dei få forvrengde hardrock-kutta på side ein» og skriv at Low «understrekar den seriøse låtskrivinga til Bowie, som berre tida vil sei vil appellere til menneska som har sett han gå gjennom dei forskjellige musikalske fasane».[135] John Rockwell i The New York Times skreiv at «Det er nesten ingen vokal, og det som for det meste er tankelause, haltande vers høyrt langt borte frå. Og instrumentalane er rare og romslege. Likevel synest det heile for denne lyttaren merkverdig og forlokkande vakkert.»[136] Rockwell skildra lyden som «ei rar blanding av Roxy Music, Eno sine eigne soloalbum, Talking Heads og ein indonesisk gamelan. Likevel er det fralmeis gjenkjenneleg som eit David Bowie-album».[136] Tim Lott skreiv ei rosande melding av albumet for Sounds, og kalla det «det mest vanskelege musikkstykket Bowie har sett namnet sitt på». Han konkluderte meldinga med å sei at det kan ha vore både Bowie og Eno sitt beste verk og «ein mekanisk klassikar.»[137]

Somme kritikarar var forbløffa over den nye retninga Bowie tok. Rockwell konkluderte at «når fansen til Mr. Bowie kjem over det første sjokket etter den siste retningsendringa hans, kan dei kome til å forstå at han har laga ein av dei beste platene i karrieren sin.»[136] I National RockStar var David Hancock overraska over å sjå lyden på plata kome frå Bowie og skreiv, «Dette er David Bowie. Og det er annleis. Og det er glimrande,» og kalla det vidare «utan tvil hans mest bisarre og eventyrlystne plata til no.»[71] Kris Needs i ZigZag kalla plata «det raraste Bowie nokon gong har spelt inn», og sa at «den første gjennomlyttinga var verkeleg eit sjokk...og me har kome til å vente overraskingar frå denne karen.» Han beundra kor raskt artisten gjekk over til noko anna og roste den effektive bruken av synthesizerar. Totalt sett meinte Needs det var ein av dei største bragdene til Bowie.[138] I Phonograph Record, meinte Bud Scoppa at plata «ikkje gjev mykje meining.» Men samstundes var Scoppa forvirra av det, og skreiv: «Low er den mest intime og frie innspelinga denne ekstraordinære artisten har laga til no. Denne stemningsskapande, merkeleg vakre musikken, overfløymd med utsparingar som skal dyppast ned i gradvis og få om gangen, påverkar ein på ein påfallande subtil og kraftfull måte.» Han avslutta til slutt med «Det er ikkje mogeleg å sei kva dette albumet vil gjere med deg, eller når det vil gjere det. Bowie gjev berre eit enkelt, men utfordrande val: anten bli forvirra eller gje etter.»[79]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [70]
Blender     [139]
Christgau's Record GuideB+[140]
Encyclopedia of Popular Music     [141]
NME9/10[142]
Pitchfork10/10[143]
Q     [144]
Rolling Stone     [80]
The Rolling Stone Album Guide     [145]
Spin     [146]

I nyare tid er Low kritikarrost og vert rekna som eit av dei beste verka til Bowie. Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv at med albumet «stadfesta Bowie plassen sin i ytterkanten av rocken». Erlewine rekna det som «tett og utfordrande» og konkluderte med at «denne plata er utfordrande eksperimentell og tett med detaljar, og gjev ei ny retning for avantgarden i rock and roll.»[70] Dele Fadele i NME var samd og skreiv plata var «ein futuristisk milepåle som framleis står.»[142] I 2001 skreiv Rob Sheffield i Rolling Stone at han meinte Low inneheldt noko av det beste Bowie hadde laga. Han skreiv «[Albumet] flyt saman til ein lyrisk, hallusinatorisk, mirakuløst vakker heilskap, musikken til eit overstimulert sinn i ein utmatta kropp, som rockens vakraste sexvampyr gjennom nokre alvorlege kjenslemessige vrakrestar.»[80] Sheffield konkluderte med å merke det tidlause i plata og kalla det ein av hans «mest intense og innverknadsrike» plater.[80][147] Susie Goldring i BBC Music hylla albumet og kalla det «ambisiøst» og som eit kompliment til den kunstnariske veksten til Bowies, som no hadde fyllt 30 år.[148]

Etter Bowie døydde, kåra Bryan Wawzenek i Ultimate Classic Rock Low som det beste albumet til Bowie og skreiv: «Low er meir enn songar og lydar. Det kreative partnerskapet bak plata smidde ei kjensle, ei stemning, ein stad. Som særs få av dei beste albuma som nokon gong er spelt inn, inneheld Low eit universi du kan bu i, i 40 minuttar om gangen. Det er meisterverket til Bowie.»[149] Laura Snapes i Pitchfork gav albumet ti av ti og meinte plata lukkast i å stake ein ny kurs for Bowie etter ein periode med dopmisbruk. Snapes oppsummerer side ein som å føle at «å få teppet rive ut under deg av tre trollmenn som har planer om å fly det andre stader.» Sjølv om ho kjende at den instrumentale sida kjennest «litt tung ut etter dagens standard», er evna deira til å mane fram bilete av forskjellige verder «litt av eit syn».[143] I ei melding i 2017 i høve 40-årsjubileet til plata skreiv Ron Hart i The Observer: «Førti år seinare held Low framleis fram med å formulere noko særeige i tida då dette var heilt i forkant i 1977, men likevel lagd med ei slik framtidsretta kunstnarskap at ho framleis ikkje kan heilt matchast i 2017. Low er eit album som får deg til å danse, tenke og grine i løpet av 38 minutt...der Bowie søkjer frelse i ei musikkform som er for futuristisk for sjølv Thomas Jerome Newton trass i utsjånaden til karakteren på omslagsbiletet.»[150]

EttermæleEndra

Low har blitt anerkjent for originaliteten og vert rekna som føre si tid.[151] Det er blitt omtalt som ein stor inspirasjon på post-punk-sjangeren.[152] Goldring skriv: «Utan Low hadde me ikkje hatt noko Joy Division, ingen Human League, ingen Cabaret Voltaire, og eg vil tru, heller ingen Arcade Fire. Arva etter Low held fram.»[148] Spitz skreiv òg om påverknaden albumet hadde på post-punk, og namngav Joy Division, Magazine, Gang of Four og Wire, som band som var inspirert av Low og den «rare anti-aggressive og ikkje-unnskyldande, nesten metaforisk bruk av syntetisert musikk.»[153] Musikkjournalisten Simon Reynolds sa: «Eg trur det var hemminga og undertrykkinga på Low som Joy Division og andre responderte på. Det at musikken, sjølv om det var gitarbasert og tøft og aggressivt, aldri rockar. Det er implodert aggresjon.»[154] Forfattaren Colin Larkin såg i tillegg Gary Numan, Ultravox og Orchestral Manoeuvres in the Dark som artistar som var påverka av Low.[155] Musikkanalytikarar har òg rekna albumet som ei viktig inspirasjonskjelde for post-rock-sjangeren, som kom til å bli framståande blant undergrunnsmusikarar nesten to tiår etter albumet kom ut.[69] Doggett skreiv at som Station to Station før det, etablerte Low Bowie som ein artist som var «umogeleg å gjette». Han fann den fem år lange progresjonen til Bowie frå Hunky Dory til Low dristig og modig.[156]

Bowie-biografar har lagt vekt på påverknaden albumet hadde på Joy Division, og det same har bandet sjølv. Det opphavlege namnet deira var «Warsaw», som var ein referanse til «Warszawa».[157] Trommeslagaren i bandet, Stephen Morris, fortalte Uncut i 2001 at då dei laga EP-en An Ideal for Living, bad bandet lydteknikaren om å skape ein trommelyd som var lik den på «Speed of Life». «Merkeleg nok klarte han ikkje det.»[158] Som Morris var det mange musikarar og produsentar som prøvde å imitere trommelyden på Low. Visconti nekta å forklare korleis han gjorde det, og spurte dei i staden korleis dei trudde det hadde blitt gjort.[151] Tilnærmingar byrja å dukke opp i resten av 1970-åra og innan 1980-åra fann ein lyden på nesten alle plater på hitlistene. Seabrook gjev Bowie æra for å indirekte vere ansvarleg for den «dunkande rytmen» ein kan høyre på spor frå Phil Collins sin «In the Air Tonight» til Duran Duran sin «Hungry Like the Wolf».[158] I eit intervju med magasinet Musician i 1983 uttrykte Bowie misnøya si og sa «Den depressive gorilla-effekten var noko eg hadde ønskt me aldri skapte, å måtte leve gjennom fire år med den lyden frå andre engelske band.»[159]

Mange musikarar har diskutert korleis albumet inspirerte dei. Då han fekk vite at tittelen å albumet var Low, «gjengjeldte» den engelske musikaren Nick Lowe det med å kalle EP-en sin frå 1977 Bowi.[160] Robert Smith i The Cure lytta mykje til plata då dei lagde Cure-albumet Seventeen Seconds i 1980.[161] I 1994 omtalte Trent Reznor frå Nine Inch Nails Low som ein nøkkelinspirasjon for The Downward Spiral (1994), og var inspirert av «låtskrivinga, stemninga og strukturane» på Low.[162] Dave Sitek i det amerikanske rockebandet TV on the Radio sa: «Særskild det albumet, den songen 'Warszawa', det var då eg forstod at musikken var den ultimate krafta, i det minste i livet mitt.» Bowie arbeidde seinare med TV on the Radio i 2003.[163]

I 1992 komponerte den amerikanske komponisten og pianisten Philip Glass eit klassisk stykke basert på albumet, kalla «Low» Symphony. Det var den første symfonien til Glass og bestod av tre satsar som kvar var baserte på Low-spora «Subterraneans», «Some Are» og «Warszawa». Det vart spelt inn av Brooklyn Philharmonic Orchestra i Glass sitt Looking Glass Studios i New York og kom ut i 1993 på selskapet hans Point Music.[164] Glass sa om albumet: «Dei gjorde det få andre folk prøvde å gjere - som var å skape kunst innafor popmusikkverda. Eg lytta til det heile tida.»[153] Glass snakka om valet om å skape ein symfoni basert på plata: «I spørsmålet om den originale Low-plata til Bowie og Eno, var det ingen tvil for meg om at både talent og kvalitet var tydeleg der. Min generasjon var dødssjuk av akademikarar som fortalte oss kva som var bra og kva som ikkje var det.»[164] For symfonien brukte Glass både originale tema og tema frå tre av instrumentalane på albumet. «Low» Symphony anerkjenner bidraga til Eno på den originale plata, og har portrett av Bowie, Eno og Glass på albumomslaget. Bowie vart smigra av symfonien og roste det. Det same gjorde Pegg.[164] Glass følgde seinare opp «Low» Symphony med ei klassisk utgåve av dei to andre albuma i Berlintrilogien: «Heroes» i 1997 og Lodger i 2019.[165][166]

RangeringarEndra

Low har ofte vore oppført på lister over dei beste albuma gjennom tidene. I 2004 kåra Pitchfork albumet til det beste frå 1970-åra. Stephen Thomas Erlewine skreiv for magasinet at det «er ei plate som spring mot ei udefinert framtid, medan det omfamnar det tvitydige», i tillegg til «eit album om gjenføding, og derfor har det framleis krafta til å skremme.»[167] I 2000 plasserte Q Low på 14. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.[168] I 2013 hadde NME albumet på 14. plassen på si liste over dei beste albuma gjennom tidene.[169] Colin Larkin rangerte det på 120. plassen og 47. plassen i den andre og tredje utgåva av boka si All Time Top 1000 Albums.[170] I 2003 vart albumet rangert på 249. plassen på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[171] Det vart plassert på 251. plassen på den reviderte lista i 2012 og på 206. plassen på lista deira frå 2020.[172][173] Basert på profesjonelle rangeringar og lister har nettsida Acclaimed Music albumet på sjetteplassen for 1977, 39. plassen for 1970-åra og 122. plassen gjennom tidene.[174]

InnhaldEndra

All tekst er skriven av David Bowie; all_musikk er komponert av Bowie, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Speed of Life»2:46
2.«Breaking Glass»1:51
3.«What in the World»2:23
4.«Sound and Vision»3:03
5.«Always Crashing in the Same Car»3:29
6.«Be My Wife»2:55
7.«A New Career in a New Town»2:51
Total lengd:19:18
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Warszawa»6:20
2.«Art Decade»3:43
3.«Weeping Wall»3:26
4.«Subterraneans»5:39
Total lengd:19:08

NyutgjevingarEndra

Albumet vart først gjeve ut på CD av RCA i midten av 1980-åra. Ei CD-utgåve frå 1991 på Rykodisc kom med tre bonusspor,[23] inkludert dei unytta spora «Some Are» og «All Saints».[175][176] 1991-utgåva kom ut i Storbritannia på CD, kassett og LP på EMI, og vart sidan gjeven ut på AU20 gull-CD.[177] Ei utgåve frå 1999 på EMI, utan bonusspor, kom ut med 24-bits digitalt ommastra lyd.[178]

I 2017 vart albumet ommastra på ny for plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982).[179] Det vart gjeve ut på CD, vinyl og på digitale format, som ein del av denne samlinga og året etter som individuell utgjeving.[180]

Bonusspor på Rykodisc/EMI-utgåva frå 1991[23]
Nr.TittelLengd
12.«Some Are» (ikkje tidlegare utgjeve spor, spelt inn 1976–79)3:24
13.«All Saints» (ikkje tidlegare utgjeve spor, spelt inn 1976–79)3:35
14.«Sound and Vision» (remiksa versjon, 1991)4:43
Total lengd:50:08

Andre songarEndra

Some AreEndra

«Some Are» er ein av få kjende unytta spor frå Low-innspelinga. Tony Visconti har sagt at det var eit «dusin bittersøte songar» som ikkje vart nytta på det endelege albumet, men få av desse har sett dagens lys. Songen var eit samarbeid mellom Bowie og Brian Eno og har ein viss likskap til «Warszawa» med den rolege pianoopninga. Dei same akkordane vert spelt åtte gonger. Teksten har berre fire linjer og verkar å vere forståeleg, i motsetnad til det fonetiske språket på «Warszawa». Bowie syng derimot teksten noko så svakt og orda han valte har nok homonym til at linjene manglar ei definitiv meining. Er det til dømes «Sleigh bells in snow» eller «sailors in snow». Eller «Some are winter sun» eller «summer-winter sun».[181].

Songen vart spelt inn i Château d’Hérouville i september 1976, og/eller Hansa i Berlin, og så fullført og miksa i Mountain Studios i Montreux i Sveits i 1991. Songen kom ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Low og samleplata iSelect i 2008.[181]

I 2008 sa Bowie om songen: «Eit roleg lite stykke Brian Eno og eg skreiv i 70-åra. Ulveropa i bakgrunnen er lydar du kan ikkje legg merke til med ein gong. Med mindre du er ein ulv.»[181]

All SaintsEndra

«All Saints» er det andre av to kjende unytta opptak frå Low-innspelingane, men det er ikkje sikkert at han er frå denne innspelinga i det heile. Det finst ingen referansar om at det vart spelt inn i Château d’Hérouville eller Hansa i 1976, og kan like gjerne vere frå “Heroes”-innspelinga sommaren 1977, eller seinare. Noko av instrumentalen kan ha blitt spelt inn då han vart gjeven ut og namngjeven i 1991. Tittelen er anakronistisk nok, og ein hyllest til plateselskapet Brian Eno skipa i 1991. Songen vart miksa i 1991 i Montreux og først gjeven ut som bonusspor til Low i 1991, og sidan på samleplata All Saints, som berre inneheldt instrumentalar av Bowie.[182]

MedverkandeEndra

Medverkande i følgje plateomslaget og biografen Nicholas Pegg.[23][183]

  • David Bowie – vokal (2–6, 8, 10–12, 14), saksofon (4, 11), gitar (6, 9–11), pumpebass (6), munnspel (7), vibrafon (9–10), xylofon (10), pre-arrangert perkusjon (10), klaverinstrument: ARP-synthesiser (1, 10–11), Chamberlin: oppført på albumet som «bandhorn og brass» (1), «syntetiske strykarar» (1, 4, 9–10), «bandcello» (5) og «band-saksofon» (7), piano (7, 9–11), «instrument» (13)
  • Brian Eno – klaverinstrument: Minimoog (2, 8–9), ARP (3, 11), EMS Synthi AKS (oppført som «E.M.I.») (3, 5), piano (7–9, 11), Chamberlin (8–9), andre synthesiserar, vokal (4, 14), gitarhandsamingar (5), syntetisk (7), «instrument» (12–13)
  • Carlos Alomar – rytmegitar (1, 3–7, 14), sologitar (1, 2)
  • Dennis Davis – perkusjon (1–7, 14)
  • George Murray – bass (1–7, 11, 14)
  • Ricky Gardiner – rytmegitar (2), sologitar (3–7, 14)
  • Roy Young – piano (1, 3–7, 14), Farfisa-orgel (3, 5)

Andre medverkande

Salslister og salstroféEndra

VekeslisterEndra

Liste (1977) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[185] 10
Austerrikske album (Ö3 Austria)[186] 17
Kanadiske album (RPM)[187] 56
Nederlandske album (MegaCharts)[188] 6
Den japanske albumlista (Oricon)[189] 35
Newzealandske album (RIANZ)[190] 12
Norske album (VG-lista)[191] 10
Svenske album (Sverigetopplistan)[192] 12
Britiske album (OCC)[193] 2
US Billboard 200[194] 11
2016 weekly chart performance for Low
Liste (2016) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[195] 16
Franske album (SNEP)[196] 80
Tyske album (Media Control)[197] 84
Italienske album (FIMI)[198] 52
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[199] 40
Liste (2018-utgåva) Plassering
Greske album (IFPI)[200] 44
Skotske album (OCC)[201] 14
Spanske album (PROMUSICAE)[202] 89
UK Albums (OCC)[203] 50

ÅrslisterEndra

1977 year-end chart performance for Low
Liste (1977) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[185] 70
Nederlandske album (MegaCharts)[204] 19

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[205] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[206] Gull 200,000[207]

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Brown, Mick (10. januar 2021). «David Bowie, 25 years ago: 'I've done just about everything that it's possible to do'». The Telegraph. Arkivert frå originalen 14. januar 2021. Henta 12. august 2021.  Den ukjende parameteren |orig-date= vart ignorert (hjelp)
  2. Buckley 2005, s. 204.
  3. Pegg 2016, s. 375, 380–381.
  4. Buckley 2005, s. 234.
  5. Pegg 2016, s. 380–381.
  6. Seabrook 2008, s. 67–71.
  7. Carr & Murray 1981, s. 11.
  8. «David Bowie Interview». Uncut. 1999. Arkivert frå originalen 28. februar 2017. Henta 12. august 2021. 
  9. Pegg 2016, s. 266–267, 384.
  10. Wilcken 2005, s. 54.
  11. Spitz 2009, s. 278.
  12. 12,0 12,1 12,2 Carr & Murray 1981, s. 87–90.
  13. «Eno: I would set up sonic scenarios for David Bowie». BBC News. 11. mai 2016. Arkivert frå originalen 12. mai 2016. Henta 12. august 2021. 
  14. Sandford 1997, s. 149.
  15. 15,0 15,1 Pegg 2016, s. 383.
  16. 16,0 16,1 McKinnon, Angus (13. september 1980). «The Future Isn't What It Used to Be». NME: 32–35. 
  17. 17,0 17,1 Pegg 2016, s. 269.
  18. Seabrook 2008, s. 110.
  19. O'Leary 2019, s. 49.
  20. Seabrook 2008, s. 131.
  21. Carr & Murray 1981, s. 78–80.
  22. Wilcken 2005, s. 16–22.
  23. 23,00 23,01 23,02 23,03 23,04 23,05 23,06 23,07 23,08 23,09 23,10 Pegg 2016, s. 384.
  24. Seabrook 2008, s. 56.
  25. 25,0 25,1 Buckley 2005, s. 257.
  26. 26,0 26,1 26,2 Mastropolo, Frank (11. januar 2016). «The History of David Bowie's Berlin Trilogy: 'Low,' 'Heroes,' and 'Lodger'». Ultimate Classic Rock. Arkivert frå originalen 12. august 2021. Henta 12. august 2021. 
  27. Seabrook 2008, s. 74.
  28. Seabrook 2008, s. 75–77.
  29. 29,0 29,1 Buckley 2005, s. 259.
  30. Seabrook 2008, s. 79.
  31. Seabrook 2008, s. 79, 94.
  32. Pegg 2016, s. 487–488.
  33. Needs, Kris (January 2007). «The Passenger». Mojo Classic (60 Years of Bowie utg.): 65. 
  34. Pegg 2016, s. 487.
  35. Seabrook 2008, s. 80–81.
  36. Seabrook 2008, s. 102.
  37. 37,0 37,1 Pegg 2016, s. 386–387.
  38. Wilcken 2005, s. 37–58.
  39. Carr & Murray 1981, s. 118.
  40. Deming, Mark. «The Idiot – Iggy Pop». AllMusic. Arkivert frå originalen 30. desember 2014. Henta 12. august 2021. 
  41. Seabrook 2008, s. 86–87.
  42. Seabrook 2008, s. 82–88.
  43. Seabrook 2008, s. 101.
  44. Seabrook 2008, s. 96.
  45. Pegg 2016, s. 253–254.
  46. Perone 2007, s. 60.
  47. Buckley 2005, s. 234–235.
  48. 48,0 48,1 Pegg 2016, s. 385.
  49. Seabrook 2008, s. 102–103.
  50. 50,0 50,1 50,2 Trynka 2011, s. 316.
  51. Abramovich, Alex (20. januar 2016). «The Invention of Ambient Music». The New Yorker. Arkivert frå originalen 7. juli 2018. Henta 13. august 2021. 
  52. Buckley 2005, s. 262.
  53. Seabrook 2008, s. 107.
  54. 54,0 54,1 54,2 Seabrook 2008, s. 106–107.
  55. Buckley 2005, s. 264.
  56. 56,0 56,1 Trynka 2011, s. 317.
  57. 57,0 57,1 Seabrook 2008, s. 108–109.
  58. 58,0 58,1 58,2 Pegg 2016, s. 387.
  59. 59,0 59,1 Seabrook 2008, s. 111.
  60. 60,0 60,1 60,2 Pegg 2016, s. 388.
  61. O'Leary 2019, s. 37–62.
  62. 62,0 62,1 Doggett 2012, s. 307.
  63. Lukowski, Andrzej (13. november 2015). «Album Review: Disappears – Low: Live in Chicago». Drowned in Sound. Arkivert frå originalen 19. mars 2016. Henta 12. august 2021. 
  64. 64,0 64,1 64,2 Gallucci, Michael (14. januar 2017). «40 Years Ago: David Bowie Cleans Up and Branches Out on 'Low'». Ultimate Classic Rock. Arkivert frå originalen 29. juni 2019. Henta 13. august 2021. 
  65. Manning, Erin (5. januar 2016). «A Beginner's Guide to David Bowie». Consequence of Sound. Arkivert frå originalen 25. mars 2016. Henta 12. august 2021. 
  66. Shaw, Des (10. januar 2018). «Bowie's Berlin: the city that shaped a 1970s masterpiece». BBC History. Arkivert frå originalen 13. august 2021. Henta 13. august 2021. 
  67. Pegg 2016, s. 266–267.
  68. Seabrook 2008, s. 85.
  69. 69,0 69,1 Randolph, Bjorn (3. september 2004). «Top Ten Albums on Which the Sequencing Is Lost on CD – Staff Top 10». Stylus Magazine. Arkivert frå originalen 10. mai 2012. Henta 13. august 2021. 
  70. 70,0 70,1 70,2 Erlewine, Stephen Thomas. «Low – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 29. august 2013. Henta 13. august 2021. 
  71. 71,0 71,1 Hancock, David (22. januar 1977). «David Bowie: Low (RCA PL K12030)». National RockStar. Henta 13. august 2021 – via Rock's Backpages (krev abonnement). 
  72. O'Leary 2019, s. 49–51.
  73. O'Leary 2019, s. 39–40.
  74. Seabrook 2008, s. 112–113.
  75. Wilcken 2005, s. 59–69.
  76. 76,0 76,1 76,2 76,3 Buckley 2005, s. 264–265.
  77. 77,0 77,1 77,2 Trynka 2011, s. 315.
  78. Seabrook 2008, s. 103.
  79. 79,0 79,1 Scoppa, Bud (February 1977). «David Bowie: Low». Phonograph Record. Henta 13. august 2021 – via Rock's Backpages (krev abonnement). 
  80. 80,0 80,1 80,2 80,3 Sheffield, Rob (5. november 2001). «David Bowie: Low». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 3. desember 2010. Henta 13. august 2021. 
  81. Doggett 2012, s. 308.
  82. Pegg 2016, s. 260.
  83. 83,0 83,1 Pegg 2016, s. 50.
  84. Doggett 2012, s. 309.
  85. O'Leary 2019, s. 37–38.
  86. Trynka 2011, s. 318.
  87. Pegg 2016, s. 305–306.
  88. Doggett 2012, s. 310.
  89. 89,0 89,1 Buckley 2005, s. 265–266.
  90. 90,0 90,1 90,2 O'Leary 2019, s. 43–44.
  91. Doggett 2012, s. 310–311.
  92. Wilcken 2005, s. 92.
  93. Pegg 2016, s. 21–22.
  94. O'Leary 2019, s. 41–42.
  95. Seabrook 2008, s. 124.
  96. Doggett 2012, s. 313–314.
  97. Buckley 2005, s. 271.
  98. 98,0 98,1 98,2 Pegg 2016, s. 34.
  99. O'Leary 2019, s. 45.
  100. Doggett 2012, s. 314.
  101. 101,0 101,1 O'Leary 2019, s. 40–41.
  102. Pegg 2016, s. 193.
  103. O'Leary 2019, s. 55–59.
  104. Pegg 2016, s. 302.
  105. Doggett 2012, s. 317–318.
  106. Buckley 2005, s. 267.
  107. 107,0 107,1 Pegg 2016, s. 26–27.
  108. 108,0 108,1 O'Leary 2019, s. 52–55.
  109. Doggett 2012, s. 318–319.
  110. Raggett, Ned. ««Art Decade» – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 17. september 2020. Henta 1. oktober 2020. 
  111. Pegg 2016, s. 305.
  112. O'Leary 2019, s. 61.
  113. Carr & Murray 1981, s. 89.
  114. 114,0 114,1 Doggett 2012, s. 319.
  115. O'Leary 2019, s. 49–52.
  116. Doggett 2012, s. 322–323.
  117. 117,0 117,1 117,2 117,3 117,4 Buckley 2005, s. 272.
  118. «Low». Bowie Golden Years. Arkivert frå originalen 28. februar 2017. Henta 13. august 2021. 
  119. Spitz 2009, s. 279.
  120. Spitz 2009, s. 282.
  121. Ives, Brian (20. februar 2017). «David Bowie: A Look Back at His '90s Era – When He Got Weird Again». Radio.com. Arkivert frå originalen 28. mars 2018. Henta 13. august 2021. 
  122. Seabrook 2008, s. 116.
  123. 123,0 123,1 O'Leary 2019, s. 651.
  124. «Sound And Vision». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 2. august 2017. Henta 13. august 2021. 
  125. Pegg 2016, s. 253.
  126. 126,0 126,1 Pegg 2016, s. 254.
  127. Trynka 2011, s. 324.
  128. Milward, John (21. april 1977). «David Bowie: Low». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 4. desember 2010. Henta 13. august 2021. 
  129. Murray, Charles Shaar (22. januar 1977). «David Bowie: Low». NME. Henta 13. august 2021 – via Rock's Backpages (krev tilgang). 
  130. Christgau, Robert (14. februar 1977). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Arkivert frå originalen 29. november 2010. Henta 13. august 2021. 
  131. Christgau, Robert (26. desember 1977). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Arkivert frå originalen 29. februar 2016. Henta 13. august 2021. 
  132. Christgau, Robert (29. januar 1978). «Pazz & Joppers Dig Pistols—What Else Is New?». The Village Voice. Arkivert frå originalen 11. mars 2017. Henta 13. august 2021. 
  133. Hilburn, Robert (16. januar 1977). «Platinum From Queen, Icy Steel From Bowie». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 30. april 2019. Henta 13. august 2021 – via newspapers.com. 
  134. MacDonald, Ian (22. januar 1977). «David Bowie: Low». NME. Henta 30. juli 2021 – via Rock's Backpages (krev abonnement). 
  135. «Top Album Picks» (PDF). Billboard: 80. 15. januar 1977. Henta 13. august 2021 – via worldradiohistory.com. 
  136. 136,0 136,1 136,2 Rockwell, John (14. januar 1977). «The Pop Life». The New York Times. Arkivert frå originalen 23. juli 2018. Henta 13. august 2021. 
  137. Lott, Tim (15. januar 1977). «Innovation to Innovation — David Bowie: Low (RCA Records RS 1108) *****». Sounds. Henta 30. juli 2021 – via Rock's Backpages (krev abonnement). 
  138. Needs, Kris (February 1977). «David Bowie: Low». ZigZag. Henta 13. august 2021 – via Rock's Backpages (krev abonnement). 
  139. «David Bowie: Low». Blender (48). June 2006. Arkivert frå originalen 22. august 2007. Henta 13. august 2021. 
  140. Christgau, Robert (1981). «David Bowie: Low». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 12. juni 2021 – via robertchristgau.com. 
  141. Larkin 2011.
  142. 142,0 142,1 Fadele, Dele (11. september 1998). «David Bowie – Station To Station/Low/Heroes/Stage». NME. Arkivert frå originalen 17. august 2000. Henta 13. august 2021. 
  143. 143,0 143,1 Snapes, Laura (22. januar 2015). «David Bowie: Low». Pitchfork. Arkivert frå originalen 24. januar 2016. Henta 13. august 2021. 
  144. «David Bowie: Low». Q: 108. Arkivert frå originalen 13. august 2021. Henta 13. august 2021. 
  145. Sheffield 2004, s. 97.
  146. Dolan, Jon (July 2006). «How to Buy: David Bowie». Spin 22 (7): 84. Arkivert frå originalen 2. oktober 2017. Henta 13. august 2021. 
  147. Sheffield 2004, s. 98.
  148. 148,0 148,1 Goldring, Susie (2007). «Review of David Bowie – Low». BBC Music. Arkivert frå originalen 29. november 2018. Henta 13. august 2021. 
  149. Wawzenek, Bryan (11. januar 2016). «David Bowie Albums Ranked Worst to Best». Ultimate Classic Rock. Arkivert frå originalen 3. oktober 2020. Henta 13. august 2021. 
  150. Hart, Ron (13. januar 2017). «How David Bowie Perfected the Concept Album on 'Low'». The Observer. Arkivert frå originalen 16. januar 2021. Henta 13. august 2021. 
  151. 151,0 151,1 Wilcken 2005, s. 69–73.
  152. «Post-Punk Music Genre Overview». AllMusic. Arkivert frå originalen 4. oktober 2020. Henta 13. august 2021. 
  153. 153,0 153,1 Spitz 2009, s. 281.
  154. Spitz 2009, s. 281–282.
  155. Larkin 1998, s. 60.
  156. Doggett 2012, s. 324.
  157. West 1984, s. 9–10.
  158. 158,0 158,1 Seabrook 2008, s. 248.
  159. White, Timothy (May 1983). «David Bowie Interview». Musikar (55): 52–66, 122. 
  160. Perone 2007, s. 65.
  161. Oldham, James (February 2000). «Bad Medicine». Uncut (33): 37–43. 
  162. Chirazi, Steffan (April 1994). «Techno Fear!». Kerrang! (Bauer Media Group). Arkivert frå originalen 4. oktober 2015. Henta 13. august 2021. 
  163. Hermes, Will (13. januar 2017). «How David Bowie, Brian Eno Revolutionized Rock on 'Low'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 22. januar 2021. Henta 13. august 2021. 
  164. 164,0 164,1 164,2 Pegg 2016, s. 490–491.
  165. Pegg 2016, s. 493.
  166. Swed, Mark (11. januar 2019). «Review: Philip Glass takes David Bowie and the symphony to new places with a stupendous 'Lodger'». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 8. november 2020. Henta 13. august 2021. 
  167. Erlewine, Stephen Thomas (23. juni 2004). «The 100 Best Albums of the 1970s – David Bowie: Low». Pitchfork. s. 10. Arkivert frå originalen 22. april 2013. Henta 13. august 2021. 
  168. «The 100 Greatest British Albums Ever». Q (165). June 2000. 
  169. «The 500 Greatest Albums of All Time: 100–1». NME. 25. oktober 2013. Arkivert frå originalen 8. november 2015. Henta 13. august 2021. 
  170. Larkin 1998, s. 60; Larkin 2000, s. 57
  171. «500 Greatest Albums of All Time: Low – David Bowie». Rolling Stone. 11. desember 2003. Arkivert frå originalen 20. desember 2010. Henta 13. august 2021. 
  172. «The 500 Greatest Albums of All Time – David Bowie, 'Low'». Rolling Stone. 31. mai 2012. Arkivert frå originalen 5. april 2019. Henta 13. august 2021. 
  173. «The 500 Greatest Albums of All Time – David Bowie, 'Low'». Rolling Stone. 22. september 2020. Arkivert frå originalen 213. august 2021. Henta 13. august 2021. 
  174. Low, Acclaimed Music, henta 9. mars 2021 
  175. Low (CD liner notes). David Bowie. US: Rykodisc. 1991. RCD 10142. 
  176. Pegg 2016, s. 18, 250.
  177. Low (CD liner notes). David Bowie. UK: EMI. 1991. CDP 7977192. 
  178. Low (CD liner notes). David Bowie. UK: EMI. 1999. 7243 521907 0 6. 
  179. «A New Career in a New Town (1977–1982)». David Bowie Official Website. 12. juli 2016. Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 13. august 2021. 
  180. Grow, Kory (28. september 2017). «Review: David Bowie's Heroically Experimental Berlin Era Explored in 11-CD Box Set». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 11. oktober 2020. Henta 13. august 2021. 
  181. 181,0 181,1 181,2 Chris O’Leary. «Some Are». Pushing Ahead of the Dame. Henta 14. august 2001. 
  182. Chris O’Leary. «All Saints». Pushing Ahead of the Dame. Henta 14. august 2001. 
  183. Low (liner notes). David Bowie. UK: EMI. 1991. CDP 7977192. 
  184. Griffin 2016, s. 388.
  185. 185,0 185,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  186. «David Bowie – Low – austriancharts.at». Arkivert frå originalen (ASP) 29. oktober 2013. Henta 13. august 2021. 
  187. «Top Albums/CDs – Volume 27, No. 1». RPM. 2. april 1977. Arkivert frå originalen (PHP) 24. februar 2014. Henta 13. august 2021. 
  188. «dutchcharts.nl David Bowie – Low». dutchcharts.nl. MegaCharts. Arkivert frå originalen (ASP) 28. januar 2013. Henta 13. august 2021. 
  189. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  190. «charts.nz David Bowie – Low». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 21. mai 2017. Henta 13. august 2021. 
  191. «norwegiancharts.com David Bowie – Low». Arkivert frå originalen (ASP) 17. oktober 2013. Henta 13. august 2021. 
  192. «swedishcharts.com David Bowie – Low». Sverigetopplistan. Arkivert frå originalen (ASP) 12. januar 2014. Henta 13. august 2021. 
  193. "David Bowie | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  194. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  195. "David Bowie - Low" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  196. "David Bowie – Low". Lescharts.com. Hung Medien.
  197. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control.
  198. "David Bowie – Low". Italiancharts.com. Hung Medien.
  199. "David Bowie – Low". Swisscharts.com. Hung Medien.
  200. «IFPI Charts». www.ifpi.gr. Arkivert frå originalen 26. november 2018. Henta 18. mars 2018. 
  201. «Official Scottish Albums Chart Top 100 | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 22. september 2017. Henta 6. mars 2018. 
  202. "David Bowie – Low". Spanishcharts.com. Hung Medien.
  203. «Official Albums Chart Top 100 | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 3. juni 2015. Henta 6. mars 2018. 
  204. «Dutch charts jaaroverzichten 1977» (på nederlandsk). Arkivert frå originalen (ASP) 12. mai 2014. Henta 2. april 2014. 
  205. «Canadian album salstrofé – David Bowie – Low». Music Canada. 
  206. «British album salstrofé – David Bowie – Low». British Phonographic Industry.  Enter Low in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  207. White, Chris (23. april 1977). «International - U.K. Sales In First Quarter Surge» (PDF). Billboard: 74. Henta 2. februar 2021 – via World Radio History. 

BakgrunnsstoffEndra