A Short Hike
A Short Hike er eit eventyrspel utvikla og utgjeve av den kanadiske programmeraren Adam Robinson-Yu (også kjend som adamgryu). Det har ei open verd som spelaren kan utforske der målsettinga er å klatre opp til toppen av eit fjell for å få mobildekning. Spelet vart utgjeve til Microsoft Windows, macOS og Linux i juli 2019, til Nintendo Switch i august 2020 og til PlayStation 4 og Xbox One i november 2021.[1]
A Short Hike | |||
| |||
Utviklar(ar) | adamgryu | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | adamgryu | ||
Distributør | Steam, itch.io, Epic Games Store, GOG.com, Nintendo eShop, PlayStation Store, Microsoft Store | ||
Design(ar) | Adam Robinson-Yu | ||
Komponist(ar) | Mark Sparling | ||
Spelmotor | Unity | ||
Siste versjon | 1.8.14 | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows MacOS Linux Nintendo Switch PlayStation 4 Xbox One | ||
Utgjeving | Windows, macOS, Linux 30. juli 2019 Nintendo Switch 16. november 2021 | ||
Sjanger | Eventyr | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 3 | ||
Nettstad | https://ashorthike.com/ |
A Short Hike fekk positiv mottaking frå kritikarar, som roste den avslappa spelestilen, fridomen til å utforske og flygemekanikkane.[2][3] Det vann Seumas McNally Grand Prize under Independent Games Festival i 2020.
Spelemekanikkar
endreSpelaren kontrollerer den antropomorfe fuglen Claire som utforskar ein park på ei øy som fungerer som ei open verd. Ho kan mellom anna jogge, klatre, symje og segle gjennom lufta.[4] For å greie å kome til toppen av fjellet sentralt på øya, må spelaren finne eller kjøpe gylne fjører som lèt ein gjere ekstra byks i lufta og klatre på steinete overflater.[5] Ifølgje eit skilt på vegen til fjelltoppen, kan ein greie å kome seg til tops med berre sju gylne fjører. Når spelaren har kome seg til toppen av fjellet, kan ein halde fram med å utforske parken og ta del i sideaktivitetar etter eige ønske.[6]
Verda i spelet er folkesett med andre antropomorfe dyr, som tilbyr sideoppdrag og aktivitetar som fisking, leiting etter ting som er mista eller renning om kapp. Løna for å greie desse aktivitetane er ofte ting som gjer det lettare å utforske parken, som joggesko eller eit kompass. Spelaren kan òg samle skjel, pinnar, myntar og andre emne for å greie sideoppdraga.
Spelet har eit adaptivt lydspor som endrar seg etter tilhøva i spelet, til dømes om vêret endrar seg eller om spelaren flyg.[4] Det har òg eit dynamisk kamera utvikla med Unity-verktøyet Cinemachine.[7]
Kjelder
endre- ↑ «A Short Hike steps forth onto PlayStation and Xbox next week». Eurogamer. 13. november 2021. Henta 18. november 2021.
- ↑ «A Short Hike Review». Nintendo Life. 29. august 2020. Henta 17. oktober 2020.
- ↑ «A Short Hike review - dreamy brilliance». Eurogamer. 12. august 2019. Henta 17. oktober 2020.
- ↑ 4,0 4,1 Vania, Cathlyn (17. januar 2020). «A Short Hike review». Adventure Gamers. Henta 17. mars 2020.
- ↑ Reynolds, Matthew (23. desember 2019). «Games of the Year 2019: A Short Hike is a love letter to one of the most satisfying things in games». Eurogamer. Henta 17. mars 2020.
- ↑ Moore, D. M. (18. august 2019). «A Short Hike is one part Animal Crossing and one part Breath of the Wild». The Verge (på engelsk). Henta 27. november 2020.
- ↑ Robinson-Yu, Adam (27. mars 2020). Crafting A Tiny Open World: A Short Hike Postmortem (Speech). Game Developers Conference. I tidsintervallet 11.25–11.40.