A Token of My Extreme

A Token of My Extreme
Song av Frank Zappa
frå albumet Joe's Garage Acts II & III
Utgjeve 19. november 1979
Innspelt Village Recorders, LA
Våren 1979
Sjanger Progressiv rock, komedierock
Lengd 5:30
Selskap Zappa Records
Komponist Frank Zappa
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa

«A Token of My Extreme» er ein song av Frank Zappa frå 1979 på konseptalbumet Joe's Garage [Part II]. Hovudrolla frå denne rockeoperaen i tre delar har blitt forvirra av Lucille og «gjer endeleg noko smart» og «gjev ein haug pengar til L. Ron Hoover og the First Church of Appliantology».[1][2]

Plot endre

Appliantology syner seg å vere ein hyklersk religion, som samarbeider med eit «vondskapsfullt, totalitært regime».[2] Dette er ein referanse til scientologi og grunnleggjaren L. Ron Hubbard.[1][2] Joe er no i tvil om han er riktig klok og spør den musikalske rådgjearen sin L. Ron Hoover kva problemet hans er, og vert fortalt at han er «a latent appliance-fetishist.» Joe spør om å det er på tide å «å kome ut av skapet», og vert beden om «å gå inn i skapet». Der kan han ha det mykje moro med maskinane sine.

Songen er basert på eit anna stykke kalla «Tush Tush Tush» frå 1973.[3][4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Carr, Paul; Richard J. Hand (desember 2006). «Frank Zappa and musical theatre». Studies in Musical Theatre 1 (1): 41–56. ISSN 1750-3159. doi:10.1386/smt.1.1.41_1. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Prince, Michael J. (Spring 2005). «The Science Fiction Protocols of Frank Zappa». Chapter&Verse (PopMatters Media, Inc.). 
  3. Staff (januar 1, 1989). «Frank Zappa on CD (and LP), Part I-III». Stereophile Magazine. s. Vol. 12., No. 1. 
  4. Miles, Barry (2004). Zappa. Grove Press. s. 431. ISBN 0-8021-1783-X.