Scientologi eller Scientologikyrkja er ei rørsle og organisasjon grunnlagd i 1954 under namnet Church of Scientology California av den amerikanske science fiction-forfattaren L. Ron Hubbard (1911–1986).[1] Ho blir tidvis skildra som ei nyreligiøs rørsle, medan tyske styresmakter og andre skildrar henne som autoritær, antidemokratisk og kommersiell. Scientologikyrkja byggjer på eit livssyn delvis påverka av buddhismen og gnostisismen, og på «dianetikk» eller «mental helsevitskap», ein påstått vitskapleg underbygd metode for å oppnå åndeleg fridom og personleg utvikling på eit sikrare og breiare grunnlag enn tidlegare religionar og psykologiske teoriar.[1][2][1] Medlemmane til kyrkja kjøper kurs, tek testar som viser kor langt dei har kome i den åndelege utviklinga si, og får kursbevis.[1] Scientologane er òg aktive kritikarar av psykiatrien og lækjemiddelindustrien som dei meiner gjer meir skade enn godt fordi dei ikkje tek omsyn til at mennesket er eit åndeleg vesen.[1] Scientologikyrkja har ifølgje seg sjølv «millionar av medlemmar» i 159 land.[2]

Grunnleggjaren av scientologikyrkja L. Ron Hubbard (1911-1986) leier eit seminar om «dianetikk» («mental helsevitskap) i Los Angeles i California 1950.
Foto: Los Angeles Daily News

Verksemda, metodane og medlemshandsaminga er blitt sterkt kritiserte, og dei høge kurshonorara har ført til fleire rettssaker.[1] Blant anna dømde Borgarting lagmannsrett i 1996 rørsla til å betala tilbake kursutgifter på kr 600 000 til ein tidlegare medlem.[1]

Scientologikyrkja kom til Noreg på midten av 1970-talet.[1]

Tru og lære endre

 
Scientologisenter i Los Angeles med sitat frå Hubbard.
 
Scientologar tilbyr gratis «undersøking av stress» ved hjelp av ei e-meter for å rekruttera nye medlemmar og selja dyre personlegdomsutviklingsprogram. E-meteret mæler elektrisk motstand i huda på forsøkspersonane.

Opphavleg blei organisasjonen starta av Hubbard i 1951 som eit alternativ til psykoterapi, men i 1953 valde han å omdefinera det til ei religiøs rørsle.

Hovudpunkta i det scientologane trur på, er:

  • Mennesket er eit udøyeleg, åndeleg vesen (kalla thetan) med eige sinn og eigen kropp.
  • Thetanen har levd mange tidlegare liv og kjem til å halda fram å leva etter at kroppen døyr.
  • Mennesket er grunnleggjande godt, men er blitt «forstyrra» av smerte og umedvit i løpet av livet.
  • Sanninga er det som er sanning for deg. Ingen overtydingar skal tvingast på andre. I staden skal læra i scientologien testast og dei som praktiserer det skal kvar for seg avgjera om det er sant eller ikkje.

Scientologikyrkja sin hemmelege «Advanced Technology» blir berre avslørt for medlemmar som allereie har bidrege med store mengder pengar og angiveleg har oppnådd den personlege styrken ein treng for å overleva denne kunnskapen. Løyndomane inneheld blant anna fantasifulle historier om Xenu, ein utanomjordisk diktator som sende milliardar av romvesen til jorda for 75 millionar år sidan for å avretta dei ved å sprenga vulkanar. Scientologane hevdar at Xenu er i live og essensen til romvesena framleis finst i verda og plagar menneska.

Rekruttering endre

Scientologar kan tilby gratis «stresstestar» ved hjelp av eit apparat kalla e-meter for å rekruttera nye medlemmar og selja personlegdomsutviklingsprogram. E-meteret mæler elektrisk motstand i huda på forsøkspersonane. Scientologane tilbyr samstundes ein omfattande, skriftleg personlegdomstest.[3][4]

Scientologi i Noreg endre

Scientologikyrkja kom til Noreg på midten av 1970-talet.[1] Norske scientologar er i dag organiserte i Scientologikyrkja Oslo som er registrert i Brønnøysundregistrea under næringskoden «Religiøse organisasjonar» og sektorkoden «Ideelle organisasjonar».

Scientologikyrkja i andre land endre

Synet på scientologi varierer frå land til land.[1] Scientologikyrkja har hatt status som religion i USA sidan 1973 og i Sverige sidan 1999, som sekt i Frankrike sidan 1995 og vore rekna som grunnlovsstridig i Tyskland sidan 2007.[1][2] I Frankrike er sekta dømt for organisert bedrageri.[5]

Kontroversar endre

Scientologikyrkja har lengje vore svært omstridd og møtt mykje kritikk i ulike land. Offisielle styresmakter har tidvis karakterisert scientologikyrkja som ein uærleg kommersiell organisasjon og kult som trakasserer kritikarar og misbrukar medlemmar.[6] Eit stadig tilbakevendende tiltalepunkt er at nyrekrutterte medlemmar blir oppfordra til å kjøpa stadig nye og dyre produkt (testar og analysar) av scientologikyrkja.[7]

Religionsekspertar er delte i synet på scientologikyrkja, særleg når det gjeld i kva grad ho skal klassifiserast som ei religiøs rørsle eller ikkje.[8]

Blant mange nettstadar som kritiserer scientologirørsla er Operation Clambake, som blir driven av nordmannen Andreas Heldal-Lund, ein framtredande aktør.

Kjende medlemmar endre

Dei amerikanske skodespelarane John Travolta, Tom Cruise, Nancy Cartwright og jazzpianisten Chick Corea er blant dei meste kjende scientologane.

Kjelder endre