A cappella

(Omdirigert frå A capella)
Sjå òg mannskoret A Cappella

A cappella (it., 'som i kyrkja') er song framført utan instrument. Omgrepet har samanheng med forbodet mot bruk av musikkinstrument i kyrkjer i mellomalderen, men har òg blitt populært i nyare tid i ulike typar korsong.

Døme på a cappella-song: «Bright College Years» framført av Yale Whiffenpoofs i 2006.

A cappella-song har vore særs viktig i kyrkjemusikken, og er framleis vanleg innan fleire religiøse samanhengar. Innan visse sjangrar syng ein hovudsakleg eller berre a cappella. Ein finn det til dømes i barbershop, gospel og spiritual.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: A cappella
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.