Aagot Nissen, fødd Kavli (2. mai 188216. desember 1978) var ein norsk skodespelar, opphavleg frå Bergen.

Aagot Nissen
Aagot Nissen.jpg
Fødd 2. mai 1882
Bergen
Død

16. desember 1978
Oslo

Yrke skodespelar, filmskodespelar
Aagot Nissen på Commons

Aagot Kavli var dotter til ein kjøthandlar i Bergen. I 1899 fekk ho jobb ved Nationaltheatret i Kristiania då teatret opna, og var tilsett der til 1960. Ho utmerkte seg i roller som Solveig i Peer Gynt av Henrik Ibsen, Klara i Trappenstreg av Franz Adam Beyerlein, frøken Sperling i Det lykkelige valg av Nils Kjær, og som Malla i Geografi og kjærlighet av Bjørnstjerne Bjørnson.

Nissen gjorde si einaste filmrolle i Himmeluret, ein stumfilm av Amund Rydland og Leif Sinding som vart vist i 1925.

KjelderEndra