Aarne Adrian Ervi, fram til 1935 Elers, (19. mai 191026. september 1977) var ein av dei mest framståande finske arkitektane etter andre verdskrigen.

Aarne Ervi

Statsborgarskap Finland
Fødd 19. mai 1910
Forssa
Død

26. september 1977 (67 år)
Helsingfors

Yrke arkitekt
Aarne Ervi på Commons

Ervi fullførte arkitekturstudia sine ved Tekniska högskolan i Helsingfors i 1935. Han arbeidde ei tid saman med Alvar Aalto og Toivo Paatela før han starta sitt eige arkitektkontor i 1938. Dei meste framståande arbeida sine gjorde Ervi under attreisinga på 1940-talet og seinare på 1950-talet då bygningsindustrien ekspanderte. Ervi var ein av dei første til å ta i bruk betongelement, noko han gjorde i 1949 då han teikna Helsingfors universitet si Porthania-bygning.

Under attreisingstida teikna Ervi vasskraftverk og personalbustader for Oulujoki Oy. Det største av desse prosjekta var Pyhäkoski kraftverk med eit nærliggande bustadsområde. Ervi er kanskje mest kjend for reguleringsplanen til bydelen Hagalund i Esbo. Han vann konkurransen med forslaget sitt «Don Hertzens by». Forutan reguleringsplanen er fleire bygningar som til sentraltårnet, symjehallen og kjøpesentret teikna av Ervi.

Aarne Ervi var i det andre ekteskapet sitt gift med skodespelaren Rauni Luoma. Dei budde i Villa Ervi på Granö utanfor Helsingfors.

Arbeid av Aarne Ervi endre

Oulujoki Oy endre

  • 1942–1951 – Pyhäkoski kraftverk med Leppiniemi bustadsområde i Muhos kommune
  • 1946–1950 – Jylhämä kraftverk med bustadsområdei Vaala kommune
  • 1946–1950 – Nuojua kraftverk med bustadsområde i Vaala
  • 1949–1954 – Pälli kraftverk med bustadsområde i Muhos
  • 1951 – Montta kraftverk i Muhos

Hagalund endre

  • 1954 – Reguleringsplan for Hagalund
  • 1959–1961 – Kjøpesenter
  • 1961 – Sentraltårnet
  • 1962 – Sentralbassenget
  • 1965 – Hagalunds symjehall

Andre arbeid endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre