Opna hovudmenyen
Bilete av Uleåborg i april 2004.

Uleåborg (sv.) eller Oulu (fi.) er ein by og kommune i landskapet Norra Österbotten i Uleåborgs län i Finland. Uleåborg er med sine om lag 201 100 innbyggjarar den største byen i det nordlege Finland og er den femte største byen i landet. Uleåborg har ei flatevidd på 3.031,64 km².

Uleåborg er einspråkleg finsk.

GeografiEndra

Uleåborg ligg ved elva Ule älv sitt utlaup i Bottenvika.

HistorieEndra

 
Uleåborg på 1800-talet.

Uleåborg er kjend som en handelsstad frå førhistorisk tid. Det finske namnet på byen, «Oulu» kjem frå samisk.

Byen vart grunnlagd av kong Karl IX av Sverige i 1605 og fekk byprivilegium i 1610. Byen vart plassert på fastlandet midt mot øya Linnansaari, der Uleåborgs slott vart bygd nokre år tidlegare. Slottet vart øydelagt av eit lynnedslag i 1793.

Uleåborg fekk stapelstadsrettar i 1765 og har vore Uleåborgs läns residensstad sidan 1776. Frå ein by kjend for tjære og laks har Uleåborg utvikla seg til ein moderne by med ein stor IT-industri.

UtdanningEndra

  • Svenske Privatskolan i Uleåborg vart grunnlagd på 1850-talet. I dag har skulen drygt 100 elevar og 15 lærarar. I bygget er det grunnskule, gymnas og ein svensk barnehage med førskule.

Verdt å sjåEndra

AnnaEndra

SportEndra

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra