Aase Texmon Rygh

norsk bilethoggar

Aase Texmon Rygh (13. april 192521. mai 2019) var ein norsk bilethoggar som var fødd i Langhamn i Dyrøy kommune.[1] Ho vart utdanna hjå Statens håndverks- og kunstindustriskole i åra 1944–46 og Det Kongelige Danske Kunstakademi i København under Einar Utzon-Frank i åra 1948–49.

Aase Texmon Rygh

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. april 1925
Dyrøy kommune
Død

21. mai 2019 (94 år)
Oslo

Yrke bilethoggar
Ektefelle Thorbjørn Rygh

Aase Texmon Rygh heldt seg i heile den kunstnariske verksemda si til eit enkelt og abstrahert skulpturelt uttrykk, eit formspråket ho fann fram til tidleg i karrieren, i ei tid då den naturalistiske skulpturen så seie var einerådande i Noreg. Utdanninga ho fekk på akademiet i København i 1948-1949 og ei reise til Paris i 1950 vart viktige for retninga den kunstnariske verksemda hennar skulle take: I motsetnad til i Noreg, hadde i Danmark ikkje berre målarkunsten, men òg bilethoggarkunsten utvikla seg mot abstraksjon og forenkling, og i Paris vart ho inspirert av både den europeiske modernismen og dei enkle gamle greske skulpturane i Louvre. På denne bakgrunnen fekk uttrykket hennar meir til felles med internasjonal modernistisk skulptur enn den skulpturen som var tonegjevande i Noreg.

Særleg er Aase Texmon Rygh kjend for det som vert kalla hennar Møbius-skulpturar, ein serie skulpturar basert på det matematiske möbiusbandet som den tyske matematikaren August Ferdinand Möbius (1790-1868) hadde funne fram til.

Aase Texmon Rygh har hatt flleire offentlege utsmykkingsoppdrag i Noreg. Hennar skulpturar i Noreg er mellom andre: Spiral II (1952), Bjørn Farmann-monumentet i Tønsberg (1971, to modellerte og støypte bronseplater plassert i V- formasjon opp mot kvarandre), Løk (1977, Universitetet for miljø- og biovitskap), og skulpturar som er kjenneteikna av å vere nesten reine U-teikn og O-teikn: Volta (1978) og Brutt form (1983, Furuset Senter, Oslo).

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design: Museet for samtidskunst i Oslo eig fire arbeid av Aase Texmon Rygh, og har skipa til den fyrste separatutstillinga av verka hennar, Aase Texmon Rygh. Modernisme for alltid! i perioden 7. mars–28. September 2014. Her vart lagt vekt på å syne breidda i produksjonen hennar med skulpturar frå 1950-talet og fram til 2014. Hennar kunst har i dei seinare åra stendig fått aukande nasjonal og internasjonal merksemd og åtgaum. Ho var representert ved den tonegjevande kunstmønstringa dOCUMENTA (13) i Kassel i Tyskland i 2012.

I 2001 vart Aase Texmon Rygh riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen.

Ho var gift med interiørarkitekten og industridesignaren Thorbjørn Rygh (1924-2015).[2]

Kjelder endre

  1. Mørstad, Erik (20. februar 2017). «Aase Texmon Rygh». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 
  2. Romsaas, Jan (28. september 2014). «Thorbjørn Rygh». Norsk biografisk leksikon (på norsk). Henta 20. oktober 2017.