Abakan (russisk Абака́н, frå det khakasiske ordet for «bjørneblod») er ei elv i republikken Khakasia og Krasnojarsk kraj i Russland og ei av sideelvane til Jenisej frå venstre. Elva er 514 km lang og har eit nedslagsfelt på 32 000 km². Elva har ei middelvassføring på 400 m³/s.

Abakan
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 32 000 km²
Lengd 514 km
Middelvassføring 400 /s
Munning Jenisej
Kart
Abakanelva
51°18′36″N 88°30′29″E / 51.31°N 88.508°E / 51.31; 88.508
Wikimedia Commons: Abakan River

Abakan oppstår der elvane Bolsjoj Abakan og Malyj Abakan renn saman vest i Sajanfjella og renn nordaustover gjennom Minusinsksenkinga til byen Abakan, der ho munnar ut i Krasnojarsk-reservoaret i Jenisej.

Elva vart nytta til tømmerfløyting og irrigasjon. Sideelva Ona er kjent den beste elva i Khakasia for rafting.[1]

Utanom republikkhovudstaden Abakan ligg òg byen Abaza ved Abakanelva.

Kjelder

endre
  1. Rafting down the Ona og Kantegir Rivers, arkivert frå originalen 25. april 2005, henta 28. oktober 2008