Khakasia[a] er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Abakan, arealet er 61 900 km² og innbyggjartalet 532 300 (2010).

Khakasia
Хакасия
republikk
Flagg
Symbol
Nasjonalsong: Xakas gįmn
Land  Russland
Del av Den sibirske føderasjonskrets
Hovudstad Abakan
Areal 61 569 km²
Folketal 528 175 (2024)
Språk russisk, khakassisk
Tidssone UTC +7
Kart
Khakasia
53°30′N 90°00′E / 53.5°N 90°E / 53.5; 90
Kart over Khakasia.
Kart over Khakasia.
Kart over Khakasia.
Wikimedia Commons: Khakassia

Khakasia ligg i det sørvestlege Sibir. Elvene Jenisej, Abakan og Tom renn gjennom republikken. Omtrent 60 % av arealet er berglendt, det høgste punktet er fjellet Karagosj (2 930 meter over havet). Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen i januar er –19 grader celsius, i juli +18 grader celsius. Dei rike mineralressursane i republikken omfattar jernmalm, molybden, gull, kol, barytt, bentonitt og marmor. Kopar og olje finst òg, men vert foreløpig ikkje utvunne.

Viktige næringsvegar er gruvedrift, metallindustri og kraftproduksjon (vasskraft). Det vert òg drive skogbruk og jordbruk. Viktigast innan jordbruk er saueal. Det vert dyrka kveite, havre, poteter og grønsaker.

Dei fleste innbyggjarane, 80,3 %, er russarar. Khakassar, eit folkeslag som snakkar det tyrkiske språket khakassisk, utgjer 12,0 %. Elles er 1,1 % av innbyggjarar tyskarar og 0,9 % ukrainarar.[1]

Historie

endre
 
Utsyn over elva Abakan i Khakasia.

Området som i dag er Khakasia var frå gamalt av ein møtestad for finsk-ugriske, iranske og tyrkiske folkeslag. Området har vorte kalla eit «arkeologisk mekka», her har det blitt gjort funn frå fleire tusen år gamle kulturar. Ei statsdanning i Khakasia vart øydelagd av den mongolske invasjonen på 1200-talet. På 1600-talet oppstod det igjen uavhengige fyrstedøme her, men på 1700-talet kom området under Russland, då russarane var klar over mineralrikdomane her. I 1707 vart det første russiske fortet bygd, på staden der dagens by Abakan ligg, og Russland gjorde krav på området. I 1727 vart det skrive under ein grensetraktat med Kina som offisielt gjorde Khakasia til russisk område.

Khakassane var på denne tida stort sett nomadar. I løpet av 1800-talet vart dei fleste av dei omvendt til russisk-ortodoks kristendom. Russisk innflytting i samband med gruvedrift gjorde khakassarane til ein minoritet.

I 1930 vart det khakassiske autonome området oppretta. Før 1991 var det autonome området del av Krasnojarsk kraj. I juli 1991 erklærte Khakasia seg som eigen republikk innan den russiske føderasjonen. Aleksej Lebed, bror til den profilerte politikaren og generalen Aleksandr Lebed vart president i Khakasia i desember 1996.

Merknader

endre
  1. russisk Республика Хакасия Respublika Khakasia, khakassisk Хакас Республиказы Khakas Respublikazy

Kjelder

endre
  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Khakasia