Abel Tasman nasjonalpark

(Omdirigert frå Abel Tasman National Park)

Abel Tasman nasjonalpark er ein nasjonalpark som ligg heilt nord på SørøyaNew Zealand. Parken vart grunnlagd i 1942, og er med eit areal på berre 225 km², den minste av nasjonalparkane på New Zealand. Landskapet er skogkledd og åslendt nord for elvedalane til Takaka og Riuwaka-elva, og er i nord avgrensa av havet i Golden Bay og Tasman Bay. Han har fått namn etter Abel Tasman, som i 1642 vart den første europeiske oppdagaren som fekk sjå New Zealand.

Abel Tasman nasjonalpark
nasjonalpark
Land  New Zealand
Region Tasman
Areal 225,41 km²
Grunnlagd 1942
Tidssone +12
Kart
Abel Tasman National Park
40°54′00″S 172°58′17″E / 40.900027777778°S 172.9715°E / -40.900027777778; 172.9715
Wikimedia Commons: Abel Tasman National Park
Abel Tasman National Park.

Abel Tasman National Park strekkjer seg ikkje ut over høgvassmerket i dei tilstøytande kystane. Strandområda mellom gjennomsnittleg flo og og gjennomsnittleg ebbe er i om lag 70 kilometers lengde gjort til naturreservat, og dekkjer i alt 774 hektar.

Det newzealandske miljøverndepartementet, Department of Conservation (DOC) administrer parken. Naturvernområdet er administrert av Tasman District Council (TDC) og Department of Conservation sin konservator i Nelson/ Marlborough. Aktivititetar i tilsstøytande kystfarvatn ligg under ansvaret til TDC i medhald av separate regelverk.

Fotturruta Abel Tasman Coast Track er ei populær turrute som følgjer kystlinja, medan ei innlandsrute, Abel Tasman Inland Track, vert mindre brukt. Kajakkpadling, camping og turisme er andre aktivitetar i parken.

Den næraste større byen er Motueka, 20 kilometer mot sør.

Galleri

endre

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Abel Tasman nasjonalpark