Riuwaka-elva
Riuwaka-elva ligg i regionen Nelson, nordvest på Sørøya på New Zealand.[1][2] Ho renn i 20 km før ho munnar ut i Tasman Bay, nær byen Riwaka, 10 km nord for Motueka.
Riuwaka Riwaka River | |||
elv | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Tasman | ||
Sideelvar | Jordan River | ||
Lengd | Om lag 20 km | ||
Kjelde | Samanløpet av nordre og søndre Riwaka41°2′54″S 172°55′27″E / 41.04833°S 172.92417°E | ||
Munning | Ved Riwaka i Golden Bay41°3′53″S 173°0′8″E / 41.06472°S 173.00222°E | ||
Riwaka River 41°03′55″S 173°00′04″E / 41.0653°S 173.00115°E | |||
Wikimedia Commons: Riuwaka River |
Elvedalane til Riuwaka aog den nærliggjande Takaka River dannar delar av fjellpasset der den einaste vegen mellom Tasman Bay og Golden Bay går.
Delar av elveløpet går under jorda gjennom sandsteinsgrotter, og kjem opp att i dagen ved The Riwaka Resurgence. Denne staden er populær både blant turoperatørar og dykkarar, fordi vatnet alltid er krystallklårt, og heller kjølig, til og med midtsommars[3].
Namnet på elva blei tidlegare skrive «Riwaka». Skrivemåten blei endra i 2014.[4]
Kjelder
endre- ↑ «Place Name Detail Riwaka River». New Zealand Geographic Placenames Database. 31. oktober 2008. Arkivert frå originalen 3. juni 2012. Henta 2. januar 2013.
- ↑ Basher, L.R. «The Motueka and Riwaka Catchments» (PDF). Land Research New Zealand. Henta 2. januar 2013.
- ↑ The Riwaka Resurgence, Motueka Online, henta 2 januar 2013
- ↑ «Riwaka River», New Zealand Gazetteer: Search for Place Names, arkivert frå originalen 18. september 2016, henta 18. september 2016
- Denne artikkelen bygger på «Riwaka Riwer» frå Wikipedia på engelsk, den 2. januar 2013.