Abel Tasman nasjonalpark
Abel Tasman nasjonalpark er ein nasjonalpark som ligg heilt nord på Sørøya på New Zealand. Parken vart grunnlagd i 1942, og er med eit areal på berre 225 km², den minste av nasjonalparkane på New Zealand. Landskapet er skogkledd og åslendt nord for elvedalane til Takaka og Riuwaka-elva, og er i nord avgrensa av havet i Golden Bay og Tasman Bay. Han har fått namn etter Abel Tasman, som i 1642 vart den første europeiske oppdagaren som fekk sjå New Zealand.
Abel Tasman nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Tasman | ||
Areal | 225,41 km² | ||
Grunnlagd | 1942 | ||
Tidssone | +12 | ||
Abel Tasman National Park 40°54′00″S 172°58′17″E / 40.900027777778°S 172.9715°E | |||
Wikimedia Commons: Abel Tasman National Park |
Abel Tasman National Park strekkjer seg ikkje ut over høgvassmerket i dei tilstøytande kystane. Strandområda mellom gjennomsnittleg flo og og gjennomsnittleg ebbe er i om lag 70 kilometers lengde gjort til naturreservat, og dekkjer i alt 774 hektar.
Det newzealandske miljøverndepartementet, Department of Conservation (DOC) administrer parken. Naturvernområdet er administrert av Tasman District Council (TDC) og Department of Conservation sin konservator i Nelson/ Marlborough. Aktivititetar i tilsstøytande kystfarvatn ligg under ansvaret til TDC i medhald av separate regelverk.
Fotturruta Abel Tasman Coast Track er ei populær turrute som følgjer kystlinja, medan ei innlandsrute, Abel Tasman Inland Track, vert mindre brukt. Kajakkpadling, camping og turisme er andre aktivitetar i parken.
Den næraste større byen er Motueka, 20 kilometer mot sør.
Galleri
endre-
Ei strand i parken
-
Totaranui
-
Flyfoto over Abel Tasman National Park
-
Ei hengebru i parken
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Abel Tasman National Park» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2013.