Abeokuta er hovudstaden i delstaten Ogun sør-vest i Nigeria. Byen ligg 78 km nord for Lagos. Han har om lag 750 000 innbyggjarar.

Abeokuta
Abeokuta sett frå Olumo-fjellet.
Abeokuta sett frå Olumo-fjellet.
Abeokuta sett frå Olumo-fjellet.
Styresmakter
Land
Delstat
Nigeria
Ogun
Grunnlagd ca. 1830
Geografi
Flatevidd 879 km²
Innbyggjararcaplex.no
 - By (2012)

750 000
Koordinatar 7°9′39″N 3°20′54″E / 7.16083°N 3.34833°E / 7.16083; 3.34833
Høgd over havet 66 m
Tidssone UTC+01:00 (UTC)
Plassering
Kartet viser kor i Nigeria byen ligg
Kartet viser kor i Nigeria byen ligg
Kartet viser kor i Nigeria byen ligg
Kuto-vegen i Abeokuta.
Foto: Melvin Baker

Historie endre

Abeokuta vart grunnlagd på den steinete austbreidda av Okun-elva rundt 1830, av egbaer som gøymde seg der for å unngå slavehandlarar frå Dahomey og Ibadan. Namnet er joruba og tyder 'tilflukt mellom steinane'.

I 1893 skreiv Abeokuta-riket under på ein avtale med Storbritannia, der britane anerkjende sjølvstendet deira. I 1914 blei byen teken inn i det britiske protektoratet Nigeria.

Økonomi og kommunikasjon endre

Abeokuta har hatt jarnbanesamband med Lagos sidan 1899.

Byen er eit jordbrukssentrum, mellom anna for handel med kakao, kolanøtter, palmeolje, ris og bomull.

Kjende personar frå Abeokuta endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 

Teksten til Abeokuta i Encyclopædia Britannica frå 1911 ved Wikisource.

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.