Aberdeen Football Club er ein skotsk fotballklubb i Aberdeen i Storbritannia, skipa 14. april 1903. Klubben deltek i Scottish Premiership og har i alle år spelt i den øvste divisjonen i skotsk klubbfotball. Aberdeen har vunne fire ligatitlar og sju gongar sigra i den skotske fotballcupen. Høgdepunktet i klubbsoga er sigeren over Real Madrid i finalen i Cupvinnarcupen 1983. Leia av Alex Ferguson og med spelarar som Jim Leighton, Willie Miller, Alex McLeish og Gordon Strachan lukkast skottane vinne med 2 mot 1, sigersmålet kom i det 112. minutt.

Aberdeen
KallenamnThe Dons, The Dandles, The Reds
Grunnlagd14. april 1903
HeimebanePittodrie Stadium
(kapasitet: 20 866)
StyreleiarDave Cormack
HovudtrenarDerek McInnes
LigaScottish Premiership
2019/204. plass i Scottish Premiership
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong
Pittodrie Stadium i 2006

Aberdeen har spelt heimekampane på Pittodrie Stadium sidan klubben vart skipa. Stadion var det fyrste i Storbritannia som la om til einast sitjeplassar, i dag er det plass til 20 897 tilskodarar. Laget spelar i heilraude drakter.

KjelderEndra