Abraham Normann

norsk kjøpmann og stortingsmann

Abraham Normann (10. januar 17518. november 1820) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Bergen.

Abraham Normann
Fødd 10. januar 1751
Bergen
Død

8. november 1820 (69 år)
Bergen

Yrke politikar, kjøpmann

Normann var son til ein «konsumtionsinspektør» i Bergen. Sjølv tok han borgarskap i heimbyen i 1778, der han dreiv nordlandshandel. Seinare var han over-fiskevegar på Bryggen i Bergen. I 1818 var han Bergen by sin 3. representant på Stortinget, der han var medlem av ti komitear. Mellom anna komiteane om russehandelen i Finnmark, om kjøpstad i Ålesund, om forlikslova, om kvekarane, om kapra skip og om innkvartering.

Normann døydde brått som vert i selskapet Harmonien, 69 år gammal.

KjelderEndra