Acıgöl
Acıgöl (tyder «den bitre innsjøen» på tyrkisk) er ein innsjø i indre område av Egearregionen i Tyrkia, i eit lukka tilsigsområde mellom provinsen Denizli, provinsen Afyonkarahisar og provinsen Burdur. Vassnivået varierer stort gjennom året med 100 km² om våren og 35 km² seint på sommaren. Den største djupna er berre 1,63 emter. Innsjøen er kjend for innhaldet av natriumsulfat som vert nytta i industrien og den største kommersielle produksjonen av natriumsulfat i Tyrkia føregår her. Han ligg 60 km aust for byen Denizli. Kring insjøen ligg frå vest til aust Bozkurt, Çardak, Dazkırı og Başmakçı.
Acıgölsjøen | |||
innsjø | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Egearregionen | ||
Høgd | 836 moh. | ||
Koordinatar | 37°49′N 29°53′E / 37.817°N 29.883°E | ||
Areal | 100 km² | ||
Type | endorheic | ||
Innsjøtype | Endorheisk | ||
Acıgöl 37°49′36″N 29°53′16″E / 37.8268°N 29.8878°E | |||
Kart som viser Acıgöl.
| |||
Wikimedia Commons: Lake Acıgöl |
Innsjøen ligg 836 meter over havet og får hovudsakleg vatn frå kjelder rike på sulfat som kjem ut frå ei forkasting på sørsida. Det er estimert at innsjøen inneheld 12,5 millionar tonn natriumsulfat i overflata og i saltlake under overflata er reservane kanskje så mykje som 70 millionar tonn eller meir. Den årlege produksjonen seint i 1990-åra var 100 000 tonn operert av private selskap. ted by private sector companies.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Acıgöl» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Donald E. Garrett. Sodium Sulfate: Handbook of Deposits, Processing, and Use ISBN 0-12-276151-0 (på engelsk). Elsevier, 2001. (limited preview of section on Lake Acıgöl)