Lake

(Omdirigert frå Saltlake)
Sjå òg fisken lake

Lake (frå lågtysk 'ståande vatn, saltlake') er ei salt- eller sukkerløysing.[1] Sidan gammalt har det vorte brukt til preservasjon og konservering av matvarer. Saltlake blir mykje brukt til å ta vare på grønsaker, fisk og kjøt,[2] medan sukkerlake ofte blir brukt til konservering av frukt og bær.[3]

Lake- eller saltvasspumpe frå 1848 i Bad Kissingen (Tyskland)
Lake- eller saltvasspumpe frå 1848 i Bad Kissingen (Tyskland)

SaltlakeEndra

Saltlake er vatn som er metta eller nesten metta med salt (NaCl). Han kan nyttast til å bevare grønsaker, fisk og kjøt. Saltlake vert òg mykje nytta til å modne halloumi- og fetaost. Saltlake kan også vera den laken som oppstår når ein saltar mat, særleg kjøt og fisk.[2]

Sjølv om saltlake kan nyttast til bevaring på same måte som sukker eller eddik er han mykje betre å bruke under transport. Ved å tilsetje salt til vatn minkar dette frysepunktet til vassløysinga og ein kan med mykje større effektivitet transportere varer. Med ein saltkonsentrasjon på 23,3 vert frysepunkt til vatn minka til -21 °C (252,15 K).

Ved 15,5 °C (288,65 K) inneheld metta saltlake 26,4 %, medan han ved 0 °C kan innehalde 26,3% salt.

Saltlake i naturenEndra

Når sjøvatn frys til havis, vert saltet i vatnet skild ut og vatnet like omkring isen vert til saltlake. Saltare vatn har høgare tettleik enn mindre salt vatn, så dette kalde, salte vatnet er tungt nok til å søkke heilt til botn av havet og er medverkande til å drive havstraumane i havet. [4]

Salinitet i vatn basert på kor mange promille salt det inneheld
Ferskvatn Brakkvatn Saltvatn Saltlake
< 0, 0,5- 35 35 - 50 > 50

KjelderEndra

  1. «lake» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 «saltlake». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 28. mai 2018. 
  3. «sukkerlake». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 3. september 2019. 
  4. Dennis L. Hartmann (1994). Global Physical Climatology. Seattle, Washington, USA: Academic Press. s. 196.